Fylkesbudsjettet 2011: Pluss på 26 mill. kr – mest til kultur

Vel 11 mill. kr meir til kultur, 6,75 mill. kr meir til opplæring, 5 mill. kr til styrking av samferdsel og 2,5 mill. kr til reiseliv er påplussingar fylkestinget har vedteke samanlikna med budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmannen. I alt nær 26 mill. kr.

Samanlikna med innstillinga frå fylkesutvalet er løyvinga til opplæring plussa på 5 mill. kr.

I alt utgjer dei vedteke endringane 25,72 mill. kr.

Forslaget som vart vedteke er fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Forslaget er vedteke med dei 30 røystene til dei tre partia. Dei andre partia røysta i hovudsak for sine eigne forslag.

Kultur

Arena USF

Den største påplussinga til kultur er 5 mill. kr meir til Arena USF som då får 7 mill. kr i 2011. Medrekna 2 mill. kr som er løyvd i 2010 og 4 mill. kr som er planlagt løyvd i 2012 vil fylkeskommunen sitt tilskot verta på 13 mill. kr.

Oseana

I tilskot til Oseana-prosjektet i Os er tilrådinga 2,5 mill. kr i 2011. Medrekna tidlegare løyvingar vert samla fylkestilskot til dette 11,5 mill. kr.

Grieghallen

I tilskot til planlegging av Grieghallutbygginga vert det løyvd 1 mill. kr.

Rallarvegen

Eit heilt nytt tiltak er opprusting av Rallarvegen. Fylkestinget løyvde 1 mill. kr i 2011 og ein ynskjer også å utfordra Sogn og Fjordane fylkeskommune til å løyva midlar til opprusting, då ein del av vegen litt i deira fylke.

Andre kulturtiltak

Vídare vert kulturbudsjettet styrkt med i alt 1,87 mill. kr fordelt på ei rekkje postar.

Løyvinga til Røldal pilgrimsenter vert auka med 250 000 til 550 000 kr. Skrivekunstakademiet får 250 000 kr meir og i alt 1 935 000 kr. Hordaland idrettskrets får 100 000 kr meir og i alt 2,84 mill. kr i 2011.

Andre påplussingar

Museum 300 000 kr
Hordland husflidslag 100 000 kr
Fossegrimen 70 000 kr
Fjellberg gamle prestegard 50 000 kr
Baroniet 150 000 kr
Tuba-prosjekt mot vold 150 000 kr
Friluftsliv, etablering friluftsråd 250 000 kr
Barn og unge, aktivitetstilskot 200 000 kr

Samferdsel

Det er sett av 3 mill. kr til renter og avdrag på lån som skal takast opp for å rusta opp (vegoppgradering) fylkesvegar. Det vert rekna med at dette betyr 30 mill. kr ekstra til slike tiltak i 2011.

Til å følgja opp tiltaket med utdanning av bussjåførar for styrkja tilgangen på nye sjåførar vert det løyvd 2 mill. kr. Deltakarar i sjåføropplæringstilbodet som er finansiert av Hordaland fylkeskommune må akseptera ei bindingstid etter fullført kurs.

Opplæring

Innan vidaregåande opplæring vert det plussa på i alt 6,75 mill. kr. Dette fordeler seg med 5 mill. kr i generell påplussing, 1 mill. kr til bibliotekplanen, 500 000 kr til OT/PPT og 250 000 kr til leksehjelp/sommarskule for å koma i gang med nye tiltak i tillegg til i Bergen og Askøy.

Reiseliv

Til regional utvikling vert det plussa på 2,5 mill. kr til Fjord Norge til felles marknadsføringstiltak av Vestlandet. Samla løyving til Fjord Norge vert då 3,97 mill. kr i 2011. Løyvinga til Vil Vite vert auka på 100 000 kr til 3,47 mill. kr.

Inndekking

Påplussingane på 25,72 mill. kr vert finansiert ved at 11 mill. kr i ubrukte midlar vert disponert. Kostnaden med ferje nr. 2 til Austevoll vert 2,65 mill. kr lågare enn lagt inn i budsjettgrunnlaget. Overføring frå drift til investeringar vert redusert med 5 mill. kr. Innsparingar på ei rekkje postar skal samla gje ca. 7 mill. kr.

Mellom postar som vert kutta er: 1 mill kr til ekstraordinære utgreiingar i regi av kontrollutvalet. 500 000 kr til stilling ved arkivet går ut og det vert kutta 500 000 kr i ekstraordinært vedlikehald. Innsparing knytt til enøk-tiltak er budsjettert med 1 mill. kr.

Gratis kaffi i kantina i Fylkeshuset skal det verta slutt på. Det skal gje ei innsparing på 800 000 kr.

Dyrare tannlege

Takstane for tannbehandling av vaksne betalande vert auka med 10 %, noko som skal gje 1 mill. kr i meirinntekter.

Sjølv etter denne prisauken har Hordaland lågare satsar enn dei fleste fylkeskommunane, og er også rimelegare enn private tannklinikkar.

Vedtekne tekstforslag

Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti sette fram tekstforslaga nedanfor. Desse vart vedtekne med dei 30 røystene til desse partia.

Skulebruksplan

• Starte arbeidet med en skolebruksplan for Hordaland Fylkeskommune, der avklaringen i forhold til et eventuelt nybygg ved Austrheim videregående skole blir gitt prioritet.

Realfag og maritim opplæring

• Forsøk med toppklasser i realfag. Hordaland fylkeskommune har i dag stor aktivitet innenfor fornybar energi, maritim virksomhet, og marine næringer. Behovet for kompetent arbeidskraft er enn viktig forutsetning for videre verdiskaping og innovasjon, og grunnlaget for denne kompetansen ligger i å være god på realfag.
For å styrke rekrutteringen til næringen ønsker fylkestinget å iverksette et forsøk, etter modell frå St. Olav videregående skole i Rogaland og Vardafjell videregående skole i Haugesund, med toppklasser innen realfag, der elever i 2. og 3. årskull gis ekstra utfordringer blant anna ved å tilby forsknings- og undervisningstid i samarbeid med næringsliv, høyskoler og universitet. Forsøket evalueres etter tre år.

Anonyme prøvar

• Det iverksettes et prøveprosjekt med anonyme heldagsprøver ved tre videregående skoler i Hordaland første halvår 2011. Evalueringsrapport etter endt forsøk oversendes Opplæring og helseutvalget.

Sotrasambandet

• Fylkestinget ønsker fortgang i fremdriften for Sotrasambandet. Dette er en av veistrekningene med størst køproblemer, og er av stor regional betydning. Fylkestinget vil at prosjektstart skal skje så snart praktisk mulig.

Vedteke med 53 mot fire

Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti sette også fram dei to tekstforslaga nedanfor. Desse vart vedtekne med 53 (H, Frp, KrF, Ap, Sp, V, Raudt) røyster mot 4 røyster (SV).  Alle partia unnateke SV røysta for desse forslaga:

Sjåføropplæring

• Deltakere i sjåføropplæringstilbudet som er finansiert av Hordaland Fylkeskommune må akseptere en bindingstid etter endt kurs. Det tas sikte på å benytte intern kompetanse ved de videregående skolene i opplæringen. Det forutsettes at opplæring og finansiering koordineres med NAV.

Ferjefri Kyststamveg

• Fylkestinget går inn for at det velges en fergefri trase for Kyststamvegen E39 mellom Leirvik og Bergen som ledd i det nasjonale prosjektet med fremtidig fergefri kyststamveg langs vestlandet. Fylkestinget går bort fra alternativet med ferge fra Våge til Os, og vil i det videre arbeide for den fergefrie løsningen. Fylkestinget forutsetter at E39 Svegatjønn-Rådal startes opp i 2012 og ferdigstilles i tråd med plan.

Forslag som fall

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Sosialistisk venstreparti og Raudt fremja eigne forslag som kvar fekk forslagstillarane sine røyster. Raudt støtta også Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti og Arbeidarpartiet sine forslag.

Alle forslaga i budsjettet

I vedlagde møtebok frå fylkestinget 14. desember 2014 finn du alle forslaga som vart sette fram i budsjettsaka, røysting og vedtak.

Møtebok med budsjettvedtakFylkestinget

Lenkja endra 17.12.2010

Stanley Hauge 14.12.2010 19:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart