Eit skuleår litt utanom det vanlege

– Det er fint å få eit skuleår litt utanom det vanlege når du er litt skulelei, seier Torger Wahlquist som er ein av elevane frå Hordaland som har fått eit år på Kirkwall Grammar School på Orknøyane.

– Eg føler at opphaldet her på Orknøyane gjev ny inspirasjon til å ta fatt på det viktige siste året eg på vidaregåande skule heime i Noreg neste haust, seier Torger.

Anette Olaussen og Torger Wahlquist har funne seg godt til rette ved Kirkwall Grammar School på Orknøyane.
Anette Olaussen og Torger Wahlquist har funne seg godt til rette ved Kirkwall Grammar School på Orknøyane.

Dei to som skuleåret 2010-11 er uvekslingselevar i Hordaland sitt venskapsfylke i vest er Anette Olaussen (Øystese gymnas) og Torger Wahlquist (Tertnes videregående skole). Sidan midten av august har dei vore på plass i Kirkwall. hordaland.no møtte dei vel ei veke før dei skulle reisa heim til julefeiring.

God tur til Orknøyane

Oppleving

– Å vera her på Orknøyane er ei oppleving. Me opplever noko nytt og forskjelleg frå heime. Maten er eitt døme. Her får me middag, varm mat og dessert, to gonger for dagen. Så det gjeld å passa mengda, seier Anette.

Stor skule

Ein forskjell for meg er at me går på ein stor skule (ca. 900 elevar) med mange fleire elevar enn det eg er van til frå Øystese gymnas. Eg og Torger er også mellom dei eldste elevane her, så det gjev oss visse fordelar, fortel Anette.

Litt vanskelegare

Ved Kirkwall Grammar School tek Anette faga tysk, sosiologi, matematikk. Torger konsentrerer seg om engelsk, data og drama. Gymnastikk har dei begge. Og gjennom nettundervisning frå heimeskulane i Hordaland har dei historie og norsk.

Det er litt vanskelegare å følgja med i undervisninga her  sidan den er på engelsk. Men det går greitt. For meg er det litt rart å læra tysk med utgangspunkt i engelsk, seier Anette.

Meir respekt

– Korleis opplever det forholdet mellom elevar og lærarar her samanlikna med heime?

– Lærarane her vil ha meir respekt enn det me gjev dei i Noreg. Her må me seier Mr., Mrs. eller Miss pluss etternamnet til lærarane når me tiltalar dei. Det går ikkje på førenamn, nei, seier Torger. Og legg til: – Eg synest det er greitt, men uvant.

– På internatet er dei veldig opptekne av reglar. Og dei legg vekt på å ta ekstra vare på oss som er utvekslingselevar, seier Anette.

Aktivitetar

Kirkwall med ca. 7000 innbyggjarar er som ein liten norsk by der det finst ei rekkje aktivitetstilbod.

Anette fortel at ho er med på Orknøyane sitt volleyballag som deltek i den skotske serien. Nyleg slo me Shetland, fortel ho, men me har også tapt ein del kampar legg ho til. Ho avslører også at ho har tenkt å prøva seg på squash og rugby. Og det var morosamt å prøva seg på skotsk tradisjonsdans.

Torger trekkjer fram at byen har eit OK kino-tilbod.

Hjå familiar

I vekene bur dei to elevane frå Hordaland på internatet ved Kirkwall Grammar School. I helgene bur dei hjå familiar.

Anette bur hjå ein familie på South Ronaldsay med ei jamgamal jente i familien. Torger vekslar helgeopphald mellom fire familiar. – Det synest er svært Ok, då vert eg ikkje så bunden til ein familie, seier han. – Ei helg er eg i same familien som Anette, i to andre er det gutar på min alder og i den fjerde er eg «storebror» for to yngre gutar.

Heimom

 I løpet av skuleåret på Orknøyane vert det nokre heimreiser til Hordaland. I haustferien var dei heimom og i det denne artikkelen vert publisert på hordaland.no skal dei etter planen vera vel heime til jul.
JULETREFF: I samband med julefestivalen med mange hordalandsinnslag i Kirkwall møtte fylkesrådmann Paul M. Nilsen, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og utvekslingselevane Anette Olaussen og Torger Wahlquist i møtesalen til Orkney Islands Council. 
JULETREFF: I samband med julefestivalen med mange hordalandsinnslag i Kirkwall møtte fylkesrådmann Paul M. Nilsen, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og utvekslingselevane Anette Olaussen og Torger Wahlquist i møtesalen til Orkney Islands Council.

Lenkjer

Kirkwall Grammar School

Turistinformasjon Orknøyane

Orkney Islands Council

Stanley Hauge 23.12.2010 15:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart