Det er på Mongstad månelanding skal skje

– Me må godta ei utsetjing av fullskala CO2-reinsing, men la det ikkje vera tvil om at det er på Mongstad månelandinga skal skje, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Det er leitt at tidsfristen for regjeringa sitt månelandsprosjekt med CO2-reinsing på Mongstad ikkje held. At det vert ei utsetjing på den optimistiske målsetjinga frå 2006, lyt me akseptera. Men både for regionen vår og nasjonen, er det viktig at satsinga vert fullført, seier fylkesordførar i Hordaland Torill Selsvold Nyborg.

Skal gjennomførast

Eg er glad for at både olje- og energiministeren og statsministeren held fast på målsetjinga om at fullskala CO2-fangst på Mongstad skal gjennomførast. Dette er eit svært viktig industriprosjekt for Hordaland og nasjonen og er ein føresetnad for den store støtta industriutviklinga på Mongstad har  både regionalt og lokalt.

Testsenteret

Gjennom arbeidet ved Testsenteret for reinsing av CO2 har det vorte hausta nye erfaringar knytt til CO2-reinsing. Det er mellom anna på bakgrunn av desse erfaringane ein ser at det trengst meir tid før fullskala reinsing kan realiserast.

Månelanding på Mongstad

Sett frå regionen si side er det opplagt at Testsenteret for reinsing av CO2 og fullskala reinsing av utsleppa frå gasskraftverket, skal realiserast som føresett. – Me må godta ei utsetjing, men la det ikkje vera tvil om at det er på Mongstad månelandinga skal skje, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Kontaktperson:

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733


 

Stanley Hauge 29.12.2010 16:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart