Bokbåten meir populær enn nokon gong

I Hordaland blir bokbåten meir og meir populær. På turen no i haust har det kome mange om bord som uttrykker at dette er ei spesiell oppleving dei set stor pris på.

Bokbåten kjem!

”Bokbåten! Bokbåten!”. Taktfaste rop frå ei elv av ventande barn og vaksne på kaia på Hanøytangen i Askøy møter bokbåten Epos på første dag av haustturen 2010. I lang rekkje står dei og hopper av forventning. Barnehagen på eine sida. Heile skulen på andre. Dei har gått ei stund i fleire minusgradar. I dag er ein annleis dag. I dag skal dei på bokbåten.  

Leseglede for barn og vaksne

51 stoppestader har fått besøk gjennom tre kalde novemberveker. Tilbodet dekker 21 av kommunane i fylket. For å rekke over alle stadene, får nokon besøk på føremiddagen og nokon på ettermiddagen.
På føremiddagen har bokbåten besøkt stader som til dømes Misje i Fjell, Tyssedal i Odda,  Kolbeinsvik i Austevoll og Masfjordnes i Masfjorden, og hatt skular og barnehagar om bord. Fleire skular kombinererer bokbåtbesøket med å ha leseprosjekt. Slunkne skulebibliotek får kjærkomne tilskot, og barna trippar ned landgangen bærande på bokbåtposar med ei bok om dinosaurar, ei hestebok, ei lydbok om Pulverheksa, ei fotballbok, den nyaste Guinness rekordbok, ”Bergensmysteriet”, ei om rampete Robin osb.

Barnehagebarna klatrar kring bildebokkassane og finn store fine bøker dei kan bla i med ein einaste gong – og nokre til å ta med attende til barnehagen. 

I lang rekke venter dei på kaia

Vestlandet sitt flytande bibliotek

Åsgård stopp i Lindås var det einaste som diverre måtte avlysast på grunn av den tjukke isen i fjorden. Nordangervåg stopp blei flytta til Sletta av same grunn. Agathe Gausereidet er ein begeistra kontaktperson for Åsgård med stor evne til å skape engasjement kring besøka. Ho hadde saman med naboane planlagd å arrangere nissefest denne laurdagen i samband med at bokbåten skulle kome. ”Vi held på den gode ideen til neste år”, seier Agathe som tok turen til Veland for å låne nye bøker til boksamlinga i land fram til neste gong bokbåten kjem.

Talet på vaksne lånarar går ned, og difor er biblioteket dei siste åra tilpassa barna. Likevel er det framleis stader som til dømes Skjeret i Bømlo, Floni på Radøy, Rostøy i Austevoll og Ulvsnesøy i Osterøy, der det kjem lånarar som set pris på at bokbåten har ei lita, men god samling av fag- og skjønnlittartur for vaksne også. 


På ettermiddagen har bokbåten denne gongen besøkt til dømes Glesvær i Sund og Varaldsøy i Kvinnherad. Då har foreldre og besteforeldre som arbeider på dagtid, fått sjanse til å kome saman med barna om bord. Denne gongen var det fleire som sa dei ikkje hadde vore på bokbåten på mange år, og som syntest det var veldig kjekt å vere tilbake.

Skumle skrømt og store sjøreiser

Kulturprogrammet ”Morosame minne og skumle skrømt”, med forteljar Per Jostein Aarsand, var ein kombinasjon av lågmælte forteljingar, små gåter og morosame historier. Han laga ei heilt spesiell god stemning og fekk publikum i alle aldrar med seg.
Programmet ”Den store sjøreisen”, med skodespelar Inger Bakke, var forseggjort med kostyme, musikk og effektar, og fleire lærarar syntest det var bra med eit program som ga elevane sjørelatert kunnskap på ein spennande måte.

Kvifor vil folk framleis besøke bokbåten?

Vestlandet sitt flytande bibliotek har vore i drift i over femti år og er stadig like populært! I vrimmelen av ulike tilbod, kjem folk framleis attende til bokbåten. På Facebook har bokbåten over tusen vener. Mange fortel om gode minne både frå litteratur dei har lånt, ulike framsyningar og heile stemninga om bord. Gjestane peiker ofte på at det er ei fin oppleving med den gode bokpraten lånarane mellom og mellom lånarane og bibliotekarane, og ein god atmosfære å vere i på bokbåten. Fleire peiker også på at det er godt å få eit slikt tilbod heim der ein bur.

Behovet for å fordjupe seg i bøker og oppleve framsyningar saman, ser ikkje ut til å bli mindre med åra. Tvert imot, ser det ut til at mange har stor glede over pusterommet og opplevinga på bokbåten.

Leseglede for barn og vaksne

Epos brøyter seg gjennom isen

 
Lena J. Glesnes 13.12.2010 16:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart