Fylkesutvalet oppmodar Riksantikvaren til dialog med eigarar og Odda kommune for å koma fram til løysingar som ivaretek både industriarven og ny utvikling av Smelteverkstomta.
Fylkesutvalet vedtok 8. desember 2010 samrøystes innstillinga frå kultur- og ressursutvalet.
Vedtak:
1. Fylkesutvalet ber Miljøverndepartementet starta opp arbeidet med ein revidert prioriteringsplan for tekniske og industrielle kulturminne.
2. Fylkesutvalet understrekar behovet for ein balansert etterbruk av smelteverksanlegget, basert på ei heilskapleg tilnærming, og som ikkje reduserer kulturminneverdiane. Kulturminneverdiane og arbeidet for å få industrikulturen i Tyssedal og Odda ført opp på verdsarvlista må setja viktige premissar for utviklinga.
3. Fylkesutvalet konstaterer at fredingsforslaget ikkje i stor nok grad ivaretek Odda kommune sitt synspunkt i saka. Ut frå hastemomentet i saka ber difor fylkesutvalet om at Riksantikvaren ved den endelege avgjerda legg vekt på Odda kommune sitt standpunkt og såleis trygge brei lokal oppslutning for fredinga.
4. Fylkesutvalet vil oppmode Riksantikvaren til ein aktiv dialog med eigarane og Odda kommune for å kome fram til ei felles løysing som ivaretar både industriarven og ny utvikling av Smelteverkstomta.
5. Fylkesutvalet sluttar seg til fredingsforslaget for Odda Smelteverk, gbnr. 60/12 m.fl., i Odda kommune med det atterhald som ligg i pkt. 3.
Lenkje
Pressemelding frå møtet i fylkesutvalet 8. desember 2010 (pdf-fil)