Regional planstrategi
Regional planstrategi for Hordaland gir utviklingsretning for fylket. Planstrategien skildrar dei viktigaste utviklingstrekka, utfordringar og moglegheiter. Ut i frå dette har fylkespolitikarane teke stilling til kva planar vi treng framover.
Regionale planar er eit sentralt verkemiddel for å tilpasse, og utfordre statleg politikk. Planane blir bindande for regionale aktørar og gir klare føringar for kommunane. Målet er å skape gode rammer for vidare utvikling. Totalt skal det startast opp arbeid med åtte nye planar:
- Regional plan for folkehelse
- Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet
- Regional plan for vassforvalting
- Regional plan for Sunnhordland – strandsone, havbruk og transport
- Regional plan for senterstruktur, service og handel
- Regional transportplan
- Regional kulturplan
- Regional næringsplan
Koordinering og medverknad
Arbeidet med planane startar opp i løpet av dei neste to åra. Noko av målet med planstrategien er å bidra til å koordinere planprosessane og prioritere mellom dei. Det blir like fullt ei utfordring å sikre ei god samanheng mellom prosessane. Talet på planarbeid vil krevje mykje av fylkeskommunen og våre samarbeidspartar.
Planstrategien seier også noko om kven som skal vere sentrale aktørar i arbeidet med planprogramma for dei enkelte planane. Det er gjennom planprogrammet at dei konkrete rammene for planarbeida blir fastsett.
Mot neste planstrategi
Samstundes med at den første planstrategien er vedteken, må arbeidet med den neste snart starte opp. Planloven slår fast at fylkestinget skal vedta ny planstrategi i løpet av det første året i perioden. For å få til ein god prosess, må ein alt no starte arbeidet med ei grundigare kartlegging av utviklingstrekk, utfordringar og langsiktige utviklingsmoglegheiter.
Regional planstrategi 2010 - 2012 - sak i fylkestinget 14.12.2010