25 år med juletre frå Hordaland til Edinburgh

Det norske juletreet frå Hordaland fylkeskommune er tent i Edinburgh. Dette skjedde torsdag 25. november i ein vinterkald skotsk hovudstad. Ramma rundt tenninga av juletreet er vinterfestivalen som finn stad i Edinburgh den siste veka av november kvart år

Tradisjonen med juletregåve frå Hordaland til Edinburgh har sin bakgrunn i den hjelp og støtte som blei gitt frå Skotland til Noreg under andre verdskrig. Edinburgh sin borgarmeister Lord Provost, George Grubb, og Hordaland fylkeskommune sin varaordførar, Tom Christer Nilsen, vektla begge i sine talar ved tenninga av juletreet dei sterke banda som er mellom Skotland og Noreg generelt, og mellom Edinburgh og Hordaland spesielt.

Under juletretenninga var det også ei opptreden av det franske gateteaterkompaniet Transe Express som ga ei fantastisk oppvisning i akrobatikk og musikk.


Lord Provost George Grubb og fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen saman med gateteaterkompaniet Transe Express

Adventskonsert i St. Giles’ Cathedral

For å markere 25-års jubileet blei også dei kulturelle banda mellom Edinburgh og Hordaland vektlagt under vinterfestivalen dette året. Etter juletretenninga var det adventskonsert i St. Giles’ Cathedral med musikk frå Edinburgh University Choir og musikk frå Hordaland representert ved musikkarane Kim Andre Rysstad (vokal), Trym Bjønnes (gitar), Thomas Nøkling (saxofon) og Sigurd Ulveseth (bass). Adventskonserten var ei flott oppleving for dei mange som fekk plass i St. Giles Cathedral denne vinterkvelden.


Edinburgh University Choir under konserten i St. Giles katedralen

Forfattartreff mellom Ian Rankin og Gunnar Staalesen

Det norske generalkonsulatet i Edinburgh og University of Edinburgh sitt senter for skandinaviske studier arrangerte også eit møte mellom dei to forfattarane Ian Rankin og Gunnar Staalesen under vinterfestivalen i Edinburgh. Ian Rankin sin romanfigur, førstebetjent i kriminalpolitiet i Edinburgh John Rebus, og Gunnar Staalesen sin privatetterforskar Varg Veum traff kvarandre i eit fiktivt stjernemøte i Edinburgh. Dei to forfattarane fann samstundes kvarandre i ein flott dialog der dei fekk fram at dei som forfattarar begge er oppteken av å spegle det samfunnet dei lever i gjennom å problematisere aktuelle tema i landa på begge sider av Nordsjøen.

 
Gunnar Staalesen og Ian Rankin i samtale med Jenny Brown under forfattarmøtet på Scottish Storytelling Centre 

Artikkel om farfattarmøtet på bt.no
Om juletretenninga på Edinburgh Evening News online
Om 25-års jubileet for juletregåva

Paul J. Manger 01.12.2010 14:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart