– Vi får meir engasjerte elevar i den digitale skulen

– Det som er bra med IKT i skulen er at vi kan bruke ulike metodikkar og treffe dei aller fleste. Vi får meir interaktivitet og meir engasjerte elevar, seier IKT-koordinator Kjetil Brathetland ved opplæringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune. Han prese

– Elevane les og skriv meir enn nokon gong, seier Kjetil Brathetland med boka på 400 sider med alle oppsummeringane frå den største  konferansen i verda om digital læring. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)
– Elevane les og skriv meir enn nokon gong, seier Kjetil Brathetland med boka på 400 sider med alle oppsummeringane frå den største  konferansen i verda om digital læring. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Ein av 530 innleiarar
I dagane 1. til 3. desember var Brathetland i Berlin på den 16. Online Educa Berlin med 2200 deltakarar frå 108 land. Brathetland var ein av 530 innleiarar frå 45 land.
– Eg heldt innlegg om den digitale satsinga i dei vidaregåande skulane i Hordaland: Kva vi har gjort, kvifor vi har gjort det, kva har vore problematisk, og kva skal vi satse på framover, seier Brathetland som fekk gode tilbakemeldingar frå dei som var til stades.

Positive reaksjonar
Konferansier Andrew Watt, som introduserte Brathetland på konferansen, fortel i ein e-post at han hadde eit godt innlegg og at han fekk positive reaksjonar etterpå om at innlegget hadde vore nyttig.

Hordaland langt framme
Brathetland seier at Hordaland er langt framme i satsinga på den digitale skulen.
– Vi er mellom dei fremste fylka i landet. Vi har satsa på infrastruktur og berbar pc til alle, men vi har framleis ein del å hente på den pedagogiske bruken av IKT-verktøy, program og tenester. Gjennom satsing på den pedagogisk bruken vil vi kunne ta ut potensialet i læring ved hjelp av IKT.

Skandinavia lengst i breiddesatsing
Brathetland kunne ønske at lærarane vart flinkare til å nytte digitale verktøy som til dømes videokonferanseutstyr eller den elektroniske tavla SmartBoard.
– I England har dei lenge satsa på pedagogisk bruk av elektroniske tavler som SmartBoard, men vi er ikkje blitt like flinke. Derimot er Nord-Europa og spesielt vi i Skandinavia kome lengst i breiddesatsinga på infrastruktur og digitale verktøy. Framover ønskjer vi og å bli flinkare på dei metodiske vurderingane for læring. Vi skal sjå på prosessane undervegs og elevane skal drive eigenevaluering og vere med å setje læringsmål og kriterium for vurdering.

Aktive bloggarar
Ei positiv erfaring som følgje av digitale verktøy og medier er at elevane les og skriv meir enn nokon gong.
– Men dette skjer på ein annan måte enn før. Elevane brukar chatting (MSN), Facebook, It’s learning og bloggar. Også mange norsklærarar er aktive på blogg. Utfordringa framover blir å skape delingskulturen som er mogeleg med web 2.0. Deling betyr samarbeid, men lærarane er i mange høve skeptiske til deling. Truleg skuldast dette at dei ønskjer at alt skal vere perfekt før dei leverer det frå seg. Vi treng difor eit mentalt skifte. For å få til ein delingskultur, må skuleleiinga også setje av tid til det. Vi skal satse på at skuleleiarar skal bli flinke til å setje konkrete mål og lage tid og rom for dei store spørsmåla.

Idear og tips
På dei årlege konferansane til Hordaland fylkeskommune om Dei gode døme blir gode døme på læring og samarbeid presentert. Neste konferanse blir 24. og 25. mars på Clarion Hotel Flesland.
– Vi skal presentere gode døme for 500 lærarar. Eg fekk mange idear og tips på konferansen i Berlin, også om skuleleiing. Det var mykje å hente der.

Pedagogisk støtteapparat
For å hjelpe dei vidaregåande skulane i Hordaland, har opplæringsavdelinga bygd opp eit pedagogisk støtteapparat der kvar skule mellom anna har ein eKoordinator, i tillegg til at kvar av dei seks regionane i fylket har ePedagog.
– Desse skal fremje den pedagogiske bruken av IKT. Dette er ei tid der vi har lov til å feile eller lukkast. I løpet av dei neste fem åra vil vi sjå skikkelege resultat, seier Kjetil Brathetland.

Presentasjonen til Kjetil Brathetland på konferansen i Berlin (pdf)

Oppsummeringa av innlegget til Kjetil Brathetland trykt i "Book of Abstracts" (pdf)

Konferansier Andrew Watt introduserer Kjetil Brathetland på den 16. Online Educa Berlin. (privat foto)
Konferansier Andrew Watt introduserer Kjetil Brathetland på den 16. Online Educa Berlin. (privat foto)

14.12.2010 11:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart