– Dette blir den største omlegginga av kollektivtrafikken i Bergensområdet sidan samanslåinga av Pan Trafikk og Bergen Sporvei til Gaia Trafikk i 1997, seier Oddmund Sylta, direktør i Skyss. Måndag 16. august blir det heilt nye ruter i delar av Bergen og

– Vi er førebudde på at det kan oppstå problem som følgje av omlegginga, men vi håpar at dei reisande skal få raskare reise, seier direktør i Skyss, Oddmund Sylta. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Endringar for mange
– Dei nye rutene fører til endringar for mange av våre reisande. Vi får ny rutestruktur, og vi innfører nye nummerseriar. Mange vil ikkje finne bussen sin lenger og må bruke Bybanen. Vi er førebudde på at det kan oppstå problem, men vi håpar at dei reisande skal få raskare reise, seier direktør Oddmund Sylta i Skyss, som har ansvaret for kollektivtrafikken i Hordaland.
Bybanen blir ny stamlinje
Årsaka til omlegginga er at Bybanen blir nye stamlinje mellom Bergen sentrum og Nesttun og at Ringveg vest snart skal opne. Dei fleste bussar får nytt linjenummer, og nye trasear blir innført. Endringane vil påverke linjenummer og trasear også i andre delar av byen. Dette er starten på ei større opprydding i ruter og linjenummer i bergensområdet. Dei nye rutene startar måndag 16. august.
Meir informasjon om ruteomlegginga hos Skyss
Oversikt over nye linjenummer på bussane
Oversikt over alle bussruter i Hordaland
Rutetider for Bybanen
Informasjon om Bybanen