Det vanka ros, blomar og gåve frå Samferdsleutvalet då dei takka den avtroppande samferdselssjefen for god innsats.
- Du har vore ein god læremeistar og eg har lært mykje om samfersle i desse åra, sa Gustav Bahus i takketalen sin.
Også Bente Bondhus (Sp, Kvinnherad) var full av lovord.
Vegrevolusjon
Magnus Vestrheim starta sin karriere i Hordaland fylkeskommune hausten 1974. Fylkeskommunen vart først oppretta to år seinare. Formelt sett var han difor tilsett hos fylkesmannen den første tida.
I den tida Vestrheim har arbeidd med samferdslespørsmål har hordlandingane opplevd ein revolusjon når det gjeld framkomst og transportvilkår. Hordaland har teke steget over frå å vera dei mange ferjers land til å ha ein samanhangande vegbasert infrastruktur med gul midtstripe, hovudsakeleg knytta saman med bruer.
Høgdepunkt
Som samferdselssjef har Vestrheim vore øverste fagansvarlege for både vegspørsmål og kollektivtrafikk. Det han er aller mest nøgd med er likevel ikkje eigne prosjekt, men Stortinget sitt vedtak om forvaltningsreforma. Her fekk fylkeskommunen overført ansvaret for store delar av det tidlegare riksvegnettet. Eit vedtak som innebar at fylkeskommuen no sit med overordna ansvar for heile 2.900 kilometer veg:
- Sett i lys av at vi alt hadde ansvaret både for utbygging og drift av det tidlegare fylkesvegnettet, og for kollektivtrafikken, gav dette oss heilt nye mogelegheitar til å driva heilskapeleg transportpolitikk.
Bergensprogrammet
Av dei prosjekta han sjølv har styrt, er Bergensprogrammet det som ligg hjarta nærast:
- Å ha fulgt prosessen med Bergensprogrammet heilt frå starten og fram til opninga av Bybanen no i sommar, har vore utruleg moro å ha vore med på, seier han.
No ventar ei retrettstilling som seniorrådgjevar i samferdsleavdelinga.
Arbeidsoppgåvene vil verta utført i samråd med Anne Iren Fagerbakke som no overtek stillinga som samferdslesjef. På spørsmål om han kan konkretisera dei komande arbeidsoppgåvene litt nærare, smiler han:
- Eg er særdeles oppteken av bane, både Bybanen og andre jernbanar.
Bestefar
Med redusert arbeidstid er det von om at dei seks barneborna i alderen treogeithalvt til åtte får sjå meir til bestefar enn dei har gjort hittil. Intensjonen er det ingenting å sei på:
- Dei er i den mest spanande alderen, der utviklinga skjer veldig raskt, seier bestefar Magnus Vestrheim.