Resultatet av 2. inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland vart lagt ut på www.vigo.no i dag, 3. august.
Plass og betre tilbod
Totalt sett er det 2 021 søkjarar som enten har fått tilbod om plass på høgare skule-/kursønskje samanlikna med 1. inntaksomgang, eller som har fått tilbod om plass for første gong i sommar.
Over 17 000
Totalt har 17 109 elevar fått plass ved Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular. Av desse har 16 459 ungdomsrett.
Alle får plass
Talet på søkjarar med ungdomsrett som førebels ikkje har fått tilbod er redusert frå 998 ved 1. inntaksomgang til 240 etter 2. inntaksomgang. Alle desse får tilbod om plass i høve til rettane sine ved 3. inntaksomgang.
På vent
Det er særleg i bergensregionen at søkjarar med ungdomsrett framleis står utan tilbod. Likevel er det slik at alle regionar har fleire ledige plassar enn det er søkjarar utan tilbod. Elevane sine rettar i høve til utdanning gjer at ein ikkje utan vidare kan tilby dei ledige plassane til søkjarar med ungdomsrett.
Studiespesialiserande
Den største endringa reint praktisk, har skjedd innanfor inntaket til Studiespesialiserande utdanningsprogram i Bergen, særleg til Vg1. Det er nok mange som vert gledeleg overraska over tilbod om plass sjølv med relativt høgt ventelistenummer etter 1. inntaksomgang. Hovudgrunnen til endringane er at mange søkjarar søkjer både fylkeskommunale skular og inntil fleire private skular, og i løpet av sommaren har bestemt seg for ein privat skule. Framleis ligg likevel nedre inntaksgrense på mange av skulane i Bergen litt over det som var i fjor, mens enkelte skular etter kvart har fått ledige plassar.
Ledige plassar
Oversyn over ledige plassar
Svarfrist
Svarfrist for 2. inntaksomgang er 10. august, og 3. og siste maskinelle inntaksomgang er den 13. august.
Plassoversikt
14. august vil ein på www.hordaland.no sjå informasjon om fordeling av ledige plassar etter skulestart.