Opnar to nye vidaregåande skular

– Hordaland fylkeskommune si store satsing på fornying og modernisering av dei vidaregåande skulane, får eit særleg synleg resultat når vi no til skulestart tek i bruk to nye skulebygningar og større tilbygg ved tre skular, seier fylkesordførar Torill Sel

Nybygga

Den nye Nordahl Grieg vgs. på Sørås i Bergen er den største vidaregåande skulen Hordaland fylkeskommune har bygd til no. Det andre nybygget dei nye lokala for Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg.

Nordahl Grieg vgs

Nordahl Grieg videregående skole på Sørås i Bergen er den største vidaregåande skulen Hordaland fylkeskommune har bygd.

Tilbygga

Dei tre store tilbygga er ved Kvinnherad vidaregåande skule, Stord vidaregåande skule og Austevoll vidaregåande skule.

Stor fornying

– Den store utbyggingsprogrammet vi har hatt i gang sidan 2005 toppar seg i år med opning av to nybygg og tre store tilbygg samstundes, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Fylkesordføraren oppsummerer: I 2006 opna vi den nye Olsvikåsen videregående skole, så stort tilbygg ved Tertnes videregående skole i 2007 og hausten 2009 større tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule. I tillegg til dei fem nybygga vi opnar no, har vi også under bygging ny sentrumsskule (Amalie Skram) i Bergen og større tilbygg ved fleire andre skular. 

Hektisk innspurt

Ved alle nybygga som skal takast i bruk ved skulestart onsdag 18. august, er det hektisk innspurt med å få alt på plass til elevane møter opp. – Det er som vanleg før opning av nye bygg, så det skal gå bra, seier eigedomssjef Helge Haavardtun – på synfaring på Nordahl Grieg vgs. 

Opningsmarkeringar

Den første opningsmarkeringa vert ved det nye «flaggbygget» til fylkeskommunen, Nordahl Grieg vgs., tysdag 24. august.

Deretter følgjer opningsmarkeringane slik:

  • Kvinnherad vidaregåande skule torsdag 2. september
  • Stord vidaregåande skule fredag 3. september
  • Osterøy vidaregåande skule måndag 6. september
  • Austevoll vidaregåande skule fredag 10. september

Store investeringar

Fylkeskommunen brukar kring 800 millionar kroner til å realisera dei fem skulebygningane som no vert tekne i bruk. 

Den store Nordahl Grieg vgs. med golvareal på 15 000 m2 og store uteanlegg har ein prislapp på ca. 470 mill. kr.

Nordahl Grieg vgs med idrettsbane

Stanley Hauge 16.08.2010 08:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart