To elevar frå Bergen katedralskole, Ingrid Eidsvaag og Robert Hagala, har fått bronse i Kjemi-OL og Fysikk-OL.
Kjemi-OL
Ingrid Eidsvaag oppnådde bronsemedalje i den internasjonale finalen i Kjemi-OL som var halden i Tokyo 19.-28. juli! Tidlegare i år vann Eidsvaag den norske finalen. I Tokyo var ho ein av fire norske deltakarar.
Les meir om Kjemi-OL

Det norske laget med leiarane Bjørn Dalhus (t.v.) og Tor Erik Kristensen (heilt t.h.) Deltakarane frå venstre: Lars Moen Strømsnes (Fauske vgs.), Ingrid Eidsvasag (Bergen katedralskole), Maartje Iris Romijn (Den norske skolen på Gran Canaria) og Espen Auseth Nielsen (Adolf Øien skole). (Foto: icho2010.org)
Fysikk-OL
Robert Hagala frå Bergen katedralskole fekk bronsemedalje ved den internasjonale fysikkolympiaden i Zagreb i Kroatia 17.-25. juli. Han var ein av fem norske deltakarar, og den einaste norske som oppnådde medalje.
Hagala kvalifiserte seg til Fysikk-OL då han vart nummer tre i den norske finalen tidlegare i år.
Les meir om Fysikk-OL

Dei norske deltakarane i Zagreb. Frå venstre: John Fredrick Berntsen, David Kleiven, Jonas Kjellstadli, Robert Hagala og Tobias Grøsfjeld. (Foto frå www.fys.uio.no.)