Eigarar av bustadar som vert liggjande i framtidige fylkesvegtrasear i Hordaland skal no kunna krevja å få bustaden innløyst til marknadsverdi allereie idet det føreligg ein godkjend reguleringsplan, tilrår eit samrøystes samferdselsutval i Hordaland.
Om fylkesutvalet på møtet 25. august sluttar seg til tilrådinga, betyr det at Stortinget sine vedtekne retningsliner for riksvegar no også vert gjeldade for fylkesvegnettet og offentleg infrastruktur som td. bybane, i Hordaland.
Innløysing av bustadar i framtidige vegliner er ei vanskeleg sak. I tillegg til den psykiske belastinga risikerer bustadeigarane i mange tilfelle å oppleva eit merkbart verditap om dei av ein eller annan grunn vert nøydde til å selja før det tidspunktet der vegvesenet har behov for innløysing. Eigarane vil no kunna krevja bustaden innløyst til marknadsverdi, utan at lova om erstatsningsutmåling ved ekspropiasjon vert gjort gjeldande.
Dei nye retningslinene for innløysing av bustadar i framtidige fylkesveg- og bybaneliner byggjer på desse kriteriene:
- det ligg føre godkjend reguleringsplan
- bustaden må rivast
- eigaren nyttar bustaden som heilårsbustad
- eigaren kjøpte bustaden før reguleringsplanen vart vedteken.