Nordahl Grieg – skule med visjon

Nordahl Grieg vidaregåande skule er klar til å takast i bruk. 300 forventningsfulle elevar møtte i dag til første skuledag på ein av dei mest moderne og best tilrettelagte undervisningsfasilitetane i landet. No startar fellesprosjektet med å byggja den læ


Bilettekst: - Velkomen til Nordahl Grieg vidaregåande skule. Rektor Lin Holvik og assisterande rektor Lise Holsen Skei ønskjer dei første elevane velkomne til nytt skuleår på ein av dei mest mest moderne skulane i landet. (foto: Nordahl Grieg vgs.) 

- Skulen sin visjon ”Dristige hjerner i samspill” er inspirert av Nordahl Grieg sitt dikt ”Til ungdommen”, og det forpliktar, fastslår rektor Lin Holvik.

Saman med lærarar, døvetolkar, miljøterapeutar og servicepersonell skal ho syta for at dei vel 300 elevane frå første årskull møter vaksenlivet rikeleg utrusta med sosial handlingskompetanse og godt budde på å engasjera seg på sosiale arenaer. Fullt utnytta vil skulen ha 900 elevar.

Lærande organisasjon

- Skulen ønskjer å vera ein lærande organisasjon, i samsvar med Peter Senge sin organisasjonsmodell. Som ein konsekvens har vi mellom anna vald å ha ein distribuert leiarfunksjon, slik at alle skal kunna bidra. Kontaktlærarane vil til dømes vera opptekne av å henta inn tilbakemeldingar frå elevar og føresette og inkludera dei i framtidig undervisning, seier Marit Leinebø, ein av avdelingsleiarane ved skolen.

Fem utdanningsprogram

Elevane ved Nordahl Grieg vidaregåande kan velja mellom fem ulike utdanningsprogram:
- helse- og sosialfag
- service og samferdsle
- medier og kommunikasjon
- studiespesialisering
- tilrettelagt opplæring

- Skulen hadde svært høg innsøkjing på alle studieprogramma, seier rektor nøgd.

Digital læring

Undervisninga byggjer på fire pedagogiske hovudkomponentar - (STEV):
- S- Sosial handlingskompetanse
- T- Teknologi og forsking
- E- Entrepenørskapshaldning
- V- Vurdering

- Ein sterk fokus på digital læring og bruk av sosiale medier er truleg noko av det elevane først vil leggja merke til, og det som skil oss tydelegast frå andre vidaregåande skular. Den utstrakte bruken av sosiale media har utpring i eit sosiokulturelt elevsyn. Vi er overtydde om at elevane lærer i samhandling med andre, seier Leinebø.

Som ein konsekvens av fokuseringa på digitalisert læring, er det mellom anna utarbeida planar som fastslår omfanget av bruk av digitale læremiddel på kvart av fagområda:

- Nokre fag vil vera heildigitaliserte, basert berre på digitale læremidlar. I andre fag vel vi bøker. Uansett vel vi det som best fremmar læring. Det er vår klare strategi, seier Lin Holvik

Tung realfagsatsing

Ei av dei pedagogiske sjakktrekka som vil verta fulgt med argusøauge frå opplæringsavdelinga og andre eksterne ”forståsegpåarar” er den tunge realfagsatsinga. Ei satsing som vil verta gjennomført i nært samarbeid med Universitetet i Bergen og med VilVite-senteret.  

Arve Aksnes, doktor i astrofysikk vil vera bindeleddet mellom UiB, VilVite og Nordahl Grieg, i ei 60/20/20 prosent stilling. Forskarar vil vera eit dagleg syn hos oss, sier Margreta Tveisme, leiar for samarbeid med eksterne samarbeidspartar og skolens digitale framtidstenkjar.

Som ein konsekvens av tilgangen på gode lærekrefter i realfag har skulen fått tillagt redaksjonsansvaret for NDLA-satsinga på teknologi og forskingslære. Skulen har med andre ord fått status som føregangsskule for utvikling av digitale læremiddel på området.

Knutepunktskule

Nordahl Grieg er og tillagt ansvar som nasjonal knutepunkt-skule for døve og hørselshemma. 

- Skulen er fullspekka på teknologisk utstyr som skal letta kvardagen for denne gruppa funksjonshemma elevar. Eg vågar påstå han er den desidert best utrusta knutepunkskulen i landet, seier Kari Danielsen, leiar for knutepunktfunskjonen. I tillegg til utstyr har vi svært mange lærarar som snakkar tegnspråk. Vår målsetjing er at alle skal lære nokre tegn, og i dei fire planleggjingsdagane som ligg bak oss har vi kvar dag hatt dagens tegn.

Knutepunkt-elevane kan velja fritt mellom samtlege undervisningsprogram ved skulen. Denne hausten vert det teke opp kring 30 elevar. Nordahl Grieg har eit formel samarbeid med Slåtthaug vgs, Stend og Sandsli vgs i høve til knutepunkskolen. 

Institusjonsundervisning

Ungdom som er i ulike institusjonar for kortare eller lengre tid har rett på undervisning. I innspurten fram mot opninga har Nordahl Grieg vgs også blitt utvida med det som tidlegare var Ulriken skolesenter, men som no vil heite Nordahl Grieg vgs avdeling S M I. Tilbudet går til barn og ungdom frå førskulealder til vaksenopplæring, og dreier seg om rundt 600 elevar. Dette ser vi berre positivt på seier Holvik.

Pedagogisk arkitektur

Skulen dekkar eit areale på 15.000 rutemeter, forutan store uteanlegg, og har ein prislapp på oppunder ein halv milliard kroner.

- Bygget sin arkitektur er fleksibel og tilpassa moderne pedagogiske prinsipp, seier opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld. Opplæringsdirektøren framhevar bygget, som er teikna av Link Signatur, som eit skulebygg til inspirasjon for andre.

Undervisinga skjer i fleksible læringsareal. Romma er frå ein storleik med plass til 4 elever til det store skoletorget med plass til rundt 500. I mellom der har vi ”alle” alternativ.

Bygget er inndelt i soner. Kvart program har si sone. Nordahl Grieg er ein skule å verta glad i, sjølv fargebruken er valt ut med tanke på å få gode effektar av undervisninga, avsluttar Leinebø.

Liv Strømme 18.08.2010 13:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart