14. august kl 16.00 på Valestrand inviterer Stiftinga Kystsogevekene og Osterøy kommune til offisiell opning av Kystsogevekene 2010. Opninga vert også ei hylling til Ole Bull og hans tilknyting til Osterøy. Men alt fredag 13. kl. 21.30 kan du sjå spelstyk
Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter vil stå for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2010.
Ole Bull
Kystsogevekene 2010 hyller på opningsdagen Ole Bull og tilknytinga hans til heimtraktene. Landskapet, fjorden og folket på Osterøy var viktige inspirasjonskjelder for nasjonalromantikaren Ole Bull. I opningsprogrammet får vi smakebitar får Osterøy sitt kulturliv i eit vidt spekter – det vert folkemusikk, dansemusikk og funk, musikk komponert av Ole Bull i tillegg til ein liten smakebit frå spelet om livet hans.
Fossegrimen på Valestrand
Spelet «Ole Bull – Fossegrimen på Valestrand» har premiere fredag 13. august kl. 21.30. Og vert også vist til same tid laurdag 14. og søndag 15. august.
Les meir om spelstykket på www.olebullspelet.no
Sjå meir om Kystsogevekene på www.kystsogevekene.no