Vidaregåande skolar utanfor Bergen kommune
Dei vidaregåande skolane utanfor Bergen kommune tek sjølv inn elevar til ledige plassar etterskolestart. Før skolane kan ta inn elevar som ikkje har søkt, må alle som står på evt. venteliste vere kontakta med tilbod om plass.
Vidaregåande skolar i Bergen kommune
For dei vidaregåande skolane i Bergen kommune gjeld følgjande prioriterte retningslinjer for fordeling av evt. ledige elevplassar etter skolestart:
Prioritet 1:
Søkjarar med Ungdomsrett som har fått tilbod om plass ved 3. inntaksomgang på skolar/kurs som ikkje er søkt, og der elevane er plasserte ved skolar som gir svært lang reiseveg eller må bu på hybel. Denne søkjargruppa vil bli oppringt fredag 20. august etter kl. 15.00 eller laurdag 21. august frå kl.10.00, dersom vi kan gje tilbod om plass på skolar/kurs som søkjarane sjølv har søkt.
Prioritet 2
Søkjarar med Ungdomsrett som ikkje har fått plass på sitt første kursønskje. Denne søkjargruppa vil bli oppringt fredag 20. august etter kl. 15.00 eller laurdag 21. august frå kl.10.00 dersom vi kan gje tilbod om plass på kursønskje 1. Merk at det ikkje vil bli gitt nye tilbod dersom ein tidlegare i sommar har fått plass på kursønskje 1, men på ein annan skole enn den som er prioritert som nummer 1. Sjå også nedanfor under prioritet 3.
Prioritet 3
Sundag 22.august etter klokka 19.00 blir det lagt ut ei liste over evt. ledige elevplassar ved skolane i Bergen. Oversynet finn du på hordaland.no. Dersom du ikkje finn ledige plassar som er interessant for deg på denne lista, har det lita hensikt å ta kontakt med Inntakskontoret.
Dei ledige plassane vil bli fordelte måndag 23.august frå klokka 08.00 til 15.00 berre ved personleg frammøte på Inntakskontoret, Fylkeshuset, Agnes Mowinckelsgate 5, Bergen. Plassar vil ikkje bli fordelte pr. telefon eller e-post.
Ny liste
Onsdag 25.august etter klokka 17.00 blir det lagt ut ei ny liste over evt. ledige elevplassar på www.hordaland.no. Dei ledige plassane på denne lista vil bli fordelte frå torsdag 26.august kl. 08.00 til 15.00 på Inntakskontoret.
Frå onsdag 1.september blir inntaket til skoleåret 2010/2011 rekna som avslutta, og førespurnader om ledige plassar må rettast til den einskilde skole i Bergen.