
Glede for det nye bygget i Hordaland fylkeskommune: Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik (f.v.), fylkesrådmann Paul M. Nilsen, økonomidirektør Johnny Stiansen og overtannlege Arne Åsan. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen).
20 års kamp
– Det er snart 20 år sidan det vart klart at den gamle odontologibygningen ikkje heldt mål. Det har vore verdt å vente på den nye. Bygginga er godt i gang. Tidsplanen vil halde. Dette blir ein moderne og framtidsretta bygning, sa forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland la ned grunnsteinen til det nye odontologibygget på Årstad.
Ferdig september 2012
Den nye odontologibygningen skal stå ferdig til semesterstart hausten 2012 og skal utdanne 294 studentar og kandidatar pr. år. I tillegg skal Årstad offentlige tannklinikk inn i bygningen.
– Sambruk mellom Universitetet i Bergen og Hordaland fylkeskommune gir optimale forhold. Vi får fleire og betre tannhelsetenester for folket, sa statsråden.

Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen overrekte blomster til statsråd Tora Aasland.
Etterlengta stein
Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen er glad og stolt.
– Ingen stein i Bergen har vore meir etterlengta enn denne. I nærmare 20 år er det blitt jobba for å få dette til. Vi får eit topp moderne bygg. Dette blir eit regionalt kompetansesenter for odontologiske spørsmål. Bygningen blir viktig for Vestlandet og kanskje heile landet. Dette blir eit viktig løft for odontologifaget og tannlegetenestene, sa rektor Sigmund Grønmo og takka alle regionale krefter som har jobba for å få dette til.
33.000 pasientbehandlingar i året
Det nye odontologibygget vil koste 780 millionar kroner, blir på 15.800 kvadratmeter og får plass til 170 tilsette. Bygget har kapasitet til 33.000 pasientbehandlingar pr. år.