Glad for ny runde om sjøkabel

– Eg er positivt overraska og glad for at regjeringa vil setja ned eit utval til å vurdera sjøkabel som alternativ for ny kraftline mellom Sima og Samnanger, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg etter møtet med statsministeren tysdag 10. august.

Saman med den politiske leiinga i 14 hordalandskommunar var fylkesordføraren invitert til møte statsminister Jens Stoltenberg og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen om kraftlinesaka i Hardanger.

Eg er glad for at regjeringa tek ein ny runde om sjøkabel for Sima-Samnanger-lina, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Eg er glad for at regjeringa tek ein ny runde om sjøkabel for Sima-Samnanger-lina, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Sjøkabel

– Eg opplevde møtet som godt og konstruktivt. Vi fekk utteljing for kravet om at regjeringa må sjå på saka på nytt, seier fylkesordføraren.

Fylkesordføraren seier at ho framleis håpar at sjøkabel vert valt. Ho strekar samstundes under at den nye gjennomgangen ikkje er nokon garanti for at sjøkabel vil verta valt, men at vi i alle fall vil få eit betre og sikrare avgjerdsgrunnlag.

Utvalet skal leggja fram utgreiinga si innan 1. februar 2011.

Tilpassing av traseen

Fylkesordføraren synest også det er positivt at  aktuelle kommunar som kraftlina skal gå gjennom, er inviterte til å diskutera den endelege utforminga av den luftspenntraseen. Om det vert slik at kraftlina skal byggjast på heile strekninga, er det svært viktig at den vert best mogleg tilpassa natur og lokalmiljø, seier Selsvold Nyborg.

Lenkjer


Pressemelding frå regjeringa etter møtet 11. august

Nokre nettsideoppslag


Vi vant første runde

Glad for utredning av sjøkabel

Hordaland vant det første slaget

Stanley Hauge 11.08.2010 15:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart