
Markeringa av at det første ladepunktet no er klart til å pluggast i, fann stad på Årstad vidaregåande skule, i nærvær av Lisbeth Iversen, byråd for byutvikling, klima og miljø og Tonny Nundal, konserndirektør for kommunikasjon i BKK. Til saman skal dei tre stå for utplasseringa av152 nye ladestasjonar i tilknyting til offentlege bygg i Hordaland dei komande vekene.
30 prosent utsleppskutt
Tiltaket er ein direkte oppfylgjar av klima og miljøplanen som vart vedteken av fylkestinget i Hordaland i vår. Planen legg opp til ein reduksjon i utsleppa av klimagassar på 30 prosent i 2030, samanlikna med i 1991.
Transportsektoren står for ein stor del av klimautsleppa. Lokale topografiske tilhøve, kombinert med at Bergen er det største trafikknutepunktet i fylket, har til tider gjeve seg utslag i akutte forureiningsproblem som følgje av store utslepp av klimagassar og partiklar. Å leggja til rette for tiltak som kan redusera utsleppa frå biltrafikken vil difor vera avgjerande for å nå dei måla vi har sett oss.
Einklare å bidra
- Vi treng innbyggjarar som er medvitne på eigen energibruk og som ønskjer å bidra til å redusera utsleppa. Dei som ønskjer å bidra, skal oppleva det som einkelt å gjera ein innsats, sa Torill Selsvold Nyborg under markeringa.
- Saman med økonomiske stimuleringstiltak som avgiftsfritak i bomringen og gratis parkering, vonar vi at dei nye ladestasjonane vil gjera det meir attraktivt å investera i miljøvenlege bilar, sa fylkesordføraren.
Tilretteleggjar
- Hordaland fylkeskommune ønskjer å leggja til rette for dei gode løysingane, difor har vi gått inn i dette samarbeidet saman med Bergen kommune, BKK og Transnova, sa fylkesordføraren.
Transnova har løyvd 3,6 millionar kroner til gjennomføringa av prosjektet.
Her finn du oversikt over kor dei 152 ladepunkta skal utplasserast.