
Glade for den nye skulen: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.), rektor Lin Holvik, opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, ass. rektor Lise Holsen Skei og leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steinseide. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Ikkje sjølvskryt
– Eg treng ikkje å drive med sjølvskryt på vegner av fylkeskommunen som skuleeigar, men eg siterer gjerne frå eit kompetent fagorgan som Byggaktuelt. Dei skriv at bygget ”har en helhetlig og gjennomgående tone ned til minste detalj”. Som fylkesordførar er eg stolt av mellom anna det gjennomtenkte idégrunnlaget for skulen, gjennomføringa av byggjeprosessen og den skuledagen som elevane og skulen sine tilsette alt har begynt på.

Flotte jenter kledd for fest på ein flott skule: Lisa Dybedal (f.v.), Sina Årdal Kvidahl, rektor Lin Holvik, Karine Mathiesen og Christina Seim Frotveit.
Vårt nye flaggskip
320 elevar og vel 100 tilsette har teke det nye flaggskipet til Hordaland fylkeskommune i bruk. Dei boltrar seg på eit areal på 14.000 kvadratmeter og ein tomt på heile 22 mål.
Fylkesordføraren sa at skulen er konstruert med sikte på eit læringsmiljø prega av ein aktiv, sosial og handlingsforpliktande pedagogikk.
– Eg ventar at alle de brukarar tar bygget aktivt i bruk for læring, læring og atter læring innanfor ramma av ein fellesskap. Det beste og sikraste teiknet på ein levande skule er at det er befolka av læreviljuge ungdomar og eit personale i stendig profesjonell utvikling.

I trappen som går gjennom alle tre etasjane i praktbygget: Magnus Midttun, Helen Vindenes Fossen, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og eigedomssjef Helge Haavardtun.
Mest teknologisk avanserte
Det gler fylkesordføraren at skulen er ein knutepunktskule for hørselshemma elevar.
– Vi har lagt stor vekt på godt læringsmiljø også for desse elevane. Det er ingen dristig påstand at Nordahl Grieg videregående skole er Noregs mest teknologisk avanserte knutepunktskule. Dessutan har vi frå politisk hald lagt til rette for ei styrka undervisning i sosiale og medisinske institusjonar i Bergen. Alt tyder på at avdelinga som nyleg er lagt til Nordahl Grieg videregående skole, vil berike det aktuelle sjukehusundervisningsmiljøet og også det øvrige miljøet på skolen, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

God stemning på studiespesialiserande fag: Are Hole (f.v.), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Håvard Frøyen Sander og Lars Martin Ingebrigtsen.
Foran dei fleste private skular
– Hordaland fylkeskommune brukar store ressursar på vidaregåande skular. Vi set elevane i fokus. Vi er det beste fylket! Dette blir det nye flaggskipet vårt. Denne skulen ligg langt foran dei fleste private skular. Hos oss kan elevane plukke frå øvste hylle, sa leiar av opplæring- og helseutvalet, Roald Steinseide.
– Dette er noko av det aller, aller beste vi kan vise fram til undervising. Bygningen er fleksibel og elastisk og kan tilpassast skiftande pedagogiske tilnærmingar i åra framover, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

På ei knapp veke har skulen skipa kor med elevar og tilsette, og dei framførte "Til ungdommen" av Nordahl Grieg.
Stor takhøgde
– Dette er eit storstilt bygg. Vi har rom for det meste og stor takhøgde. Når vi har greidd dette på ei veke, korleis blir då framhaldet? sa rektor Lin Holvik og takka alle for at skulen er komen så fint i gang så kort tid etter at byggeperioden var over.

Skodespelar Randolf Walderhaug framførte tekster av Nordahl Grieg, sett saman av Erling Gjelsvik.
Arven etter Nordahl Grieg
Ein av dei inviterte gjestene til opninga av skulen, var Helen Gathe, som er ein av dei som forvaltar arven etter Nordahl Grieg.
– Eg fekk ein svært hyggeleg telefon frå opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld om at dei ville kalla skulen opp etter Nordahl Grieg. Eg syntes det var ein fantastisk god ide og omfamna tanken med ein gong, sa Helen Gathe. Nordahl Grieg var bror til hennar stefar.

Helen Gathe (midten) forvalter arven etter Nordahl Grieg, som var bror til hennar stefar. Ho er glad for val av namn på skulen og takkar ass. rektor Lise Holsen Skei (t.v.) og rektor Lin Holvik.