Få plass nærmare heimen
Denne ordninga med at elevar kan stå i kø og ”bytte” plass i vidaregåande skule, er noko som er særskilt ved dei vidaregåande skulane i Bergen. Utanfor Bergen skjer dette direkte ved den enkelte skule, men inntakskontoret i Hordaland fylkeskommune koordinerer tildelinga ved skulane i Bergen. Meininga med ordninga er at elevar som har fått skuleplass langt vekke frå heimen, skal kunne ”bytte” denne i ein skuleplass nærmare heimen, der det er av ulike årsaker blir ledige plassar.
Stor pågang
Pågangen etter å ”bytte” plass var i år større enn venta. Mange av elevane hadde med seg foreldre, venner og venninner. Om lag dobbelt så mange som før om åra stod i kø utanfor fylkeshuset. I tillegg oppstod det kaos då mange storma fram for å få tildelt kønummer. For å unngå slik sniking i køen, kjem truleg Hordaland fylkeskommune til å engasjere eit vaktselskap neste år til å halde orden.
Sjølve tildelinga av skuleplass gjekk raskare enn venta og ved utgangen av dagen hadde heile 250 elevar fått ny skuleplass. Jubelen var mellom anna stor hos venninnegjengen på fire som hadde fått plass på forskjellige skular og fag, og som no fekk plass i same klasse, på same fag, ved same skule.
Ny utlegging av ledige plassar
For dei som ennå ikkje har fått plassen dei ønskjer, er håpet ikke ute. På nettsidene her legg vi ut nytt oversyn over ledige plassar både ved skular i Bergen og skular utanfor Bergen onsdag ettermiddag kl. 17.00. Dei ledige plassane i Bergen blir berre fordelte ved personleg frammøte på inntakskontoret i fylkeshuset, Agnes Mowinkelsgate 5, Bergen, torsdag 26. august mellom kl. 09.00 og 15.00. For skuleplassar utanfor Bergen, ta kontakt direkte med den enkelte skule.
Vi gjer merksam på at det berre vil bli eit avgrensa ledige plassar tilgjengeleg.
1. september blir inntaket avslutta, og førespurnader om ledige plassar, må då rettast til den enkelte skule.