Ved handsamsinga i fylkesutvalet var det særleg plasseringa av bomstasjonen på grensa mellom kommunane Vaksdal og Voss som stod sentralt. Vaksdal kommune hadde bede om at bomstasjonen vert flytta frå vestsida til austsida for avkøyrsla til Verpelstad gard.
Aust for Verpelstad
Magnar Lussand (Sp) føreslo at bomstasjonen av omsyn til næringsverksemda på Verpelstad gard må plasserast aust for avkøyrsla til garden, slik kommunen og grunneigaren ber om.
Etter drøfting av saka, innhenting av meir informasjon frå Statens vegvesen og gruppemøte for fleire parti, slutta alle partia seg til Lussand sitt forslag som medforslagsstillarar.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å be om at bomstasjonen mellom Voss og Vaksdal vert flytta aust for avkøyrsla til Verpelstad.
Bomstasjon Voss-Granvin
Voss formannskap har uttala at plasseringa av bomstasjonen mellom Voss og Granvin vil gje urimelege utslag for hytteeigarar på Bulko, Grønlid og Burset som nyttar avkøyrsla til Bulkovegen frå Rv13. Formannskapet ville derfor ha ny vurdering av plasseringa av denne bomstasjonen. Dette vart ikkje følgd opp av fylkesutvalet.
Takstar
Takstane for bompassering i Vossapakko skal vera kr 40 for bilar inntil 3 500 kg og kr 80 for bilar over 3 500 kg, har Hordaland fylkesutval godkjent.
Rabattordningar
Det blir etablert rabattordningar som gjer det mogeleg å oppnå frå 30 til 50 prosent rabatt avhengig av forskotsbetaling. Det er lagt til grunn ein timesregel, dvs. at ein berre betalar for ei passering ved passering av to bomstasjonar i løpet av ein time.
Fritak
Det er og lagt til grunn fritak for betaling av bompengar for busette med fast adresse Bulko, Grønlid og Burset i Voss kommune, for å gje fastbuande bompengefri passering til kommunesenteret.
Saka går vidare til Vegdirektoratet for endeleg avgjerd.
Meir frå fylkesutvalet
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 22. april 2010 (pdf-fil)