Fylkesutvalet i Hordaland legg til grunn at alle tunnelar over 500 meter på fylkesvegnettet skal ha mobildekning og radiosamband, og ber om at det blir utarbeidd eit forslag til handlingsprogram for gjennomføring av dette fram mot 2019.
Fylkesutvalet legg til grunn at utbygging og drifting av mobiltelefonutstyr i tunnelar framleis skal vera den einskilde nettoperatør sitt ansvar, heiter det i vedtaket som vart gjort 22. april.
Dagens situasjon
27 av 35 tunnelar (77 %) med lengde over 500 meter på fylkesvegane i Hordaland ikkje har radiosamband, medan det på riksvegane ikkje er radiosamband i 31 av 63 tunnelar (49 %). Når det gjeld telesamband/ mobildekning er det den einskilde nettoperatør som har ansvar for å byggja ut og drifta mobiltelefonutstyr i vegtunnelar. Tal innhenta frå Telenor ASA viser at det er mobildekning i 40 prosent av fylkesvegtunnelane over 500 meter, mens tilsvarande tal for riksvegane er 89 prosent.
Kostnader
Utbyggingskostnader knytt til radiosamband i vegtunnelar i Hordaland er for første kilometer med tunnel vil kosta ca 1, 5 mill. kr. Deretter vil det koste ca 1 mill. kr per ekstra km i same tunnel. For tunnelar under ca 800 meters lengde er kostnader kalkulert til ca 1,1 mill kr. I tillegg vert konvertering frå FM til DAB i allereie utbygd tunnel berekna til ca kr 100 000 per kilometer tunnel.