Hundreårige tradisjonar og tette historiske band knyter Hordaland saman med øysamfunnet nord for Skottland. Orknøyane er Hordaland sitt venskapsfylke, og hordalandingar er svært så velkomne gjestar. Så velkomne at dei to største vidaregåadne skulane på Orknøyane årleg inviterer to elevar frå Hordaland til å tilbringa andre året på vidaregåande som utvekslingselev.
Breidt fagområde
Utvekslingselevane vil tilbringa skuleåret på Kirkwall Grammar School eller Stromness Academy. Begge skulane tilbyr både studiespesialisering og yrkesfaglege studieretningar innan ei rekkje ulike fagområde. Utvekslingselevane vil sjølv kunna setja saman den endelege fagplanen i samarbeid med den skulen dei får plass på.
Utdanninga er likeverdig med eit skuleår i Norge. Dei som fullfører kan søkja om å få året godkjend som del av vidaregåande opplæring i Norge.
Skuleåret startar kring 20. august og varer ut juni.
Breidt utanomfaglege tilbod
Dei heldige elevane treng ikkje kjeda seg på fritida hellar. Utvalet av utanomfaglege tilbod er minst like variert som fagplanen. Idrettsinteresserte har heller ingen unnskyldning for å la vera å søkja: Tilbodet om sportsaktivitetar kan konkurrera med det meste dei har høve til å aktivisera seg med her heime.
Øysamfunn
Orknøyane består av 67 øyar. Folketalet er kring 20.900. Tredelen av innbyggjarane bur i hovudstaden Kirkwall, og to tredelar har heimen sin på hovudøya Mainland.
Både Kirkwall Grammar School og Stromness Academy ligg på Mainland. Ved Kirkwall Grammar School er det 800 elevar i alderen 12 – 18 år. Elevar som ikkje bur på øya bur på internat. Stromness Academy har kring 400 elevar.
For å koma til Orknøyane tek ein fly til Aberdeen og båt vidare til Mainland.
For meir informasjon om utvekslingstilbodet, last ned brosjyre.
Meir informasjon om Orknøyane finn du her.
Interesserte kan også kontakta Borgny Lilleøren tlf. 55 23 92 39 eller Tormod Valaker, tlf. 55239924 for utfyllande informasjon.