Fire gull til Hordaland i NM for ungdomsbedrifter

Hordaland var fylket som markerte seg sterkast i NM for ungdomsbedrifter og reiste av garde med heile fire gull, eitt sølv og to bronse. ReClame UB frå Akademiet videregående skole hadde beste reklamefilm, Easy on, Easy off UB frå Bergen Handelsgymnasium

 

Glade elevar frå Sotra vidaregåande skule etter at dei både har teke gull for beste gastronomiprodukt for den einebærkrydra spekepølsa av kystbeitande lam med smak som ligg heilt i internasjonal toppklasse og 3. plass i klassen for beste meisterbrev.
Glade elevar frå Sotra vidaregåande skule etter at dei både har teke gull for beste gastronomiprodukt for den einebærkrydra spekepølsa av kystbeitande lam med smak som ligg heilt i internasjonal toppklasse og 3. plass i klassen for beste meisterbrev.

Beste reklamefilm var laga av ungdomsbedrifta ReClame UB ved Akademiet videregående skole i Bergen. Prisutdelar var Haakon H. Dahl i Kitchen Reklamebyrå.

I tillegg tok Smart Sokk UB frå Bergen Handelsgymnasium 2. plass i klassen for beste kulturbedrift og 3. plassen i klassen for beste forretningsidé. Sotrasnabben UB tok i tillegg til førsteplassen som beste gastronomibedrift også 3. plass i klassen for beste meisterbrev.

Beste reklamefilm var laga av ungdomsbedrifta ReClame UB ved Akademiet videregående skole i Bergen. Prisutdelar var Haakon H. Dahl i Kitchen Reklamebyrå.

Skaparkraft
– Her skortar det ikkje på skaparkraft, kreativitet og begeistring, sa Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap i opningstalen.

Imponert over kvaliteten
Om vinnaren av beste reklamefilm, REClame UB frå Akademiet videregående skole seier juryen at den vart imponert over kvaliteten på produksjonen og evna filmen har til å kommunisere ein ganske så kjedeleg bodskap på ein annleis måte.

Beste forretningside var laga av ungdomsbedrifta Easy on, Easy off UB ved Bergen Handelsgymnasium. Same skule tok også 3. plass ved ungdomsbedrifta Smart Sokk UB. Prisutdelar var Anne Stärk-Johansen i Nordea.Gode analysar
Om Easy On, Easy Off UB frå Bergen Handelsgymnasium som hadde beste forretningsplan, seier juryen at forretningsplanen er ryddig, oversiktleg, informativ og grundig. Elevane har gjort gode analysar og produktet har potensial for vidare utvikling.

Beste forretningside var laga av ungdomsbedrifta Easy on, Easy off UB ved Bergen Handelsgymnasium. Same skule tok også 3. plass ved ungdomsbedrifta Smart Sokk UB. Prisutdelar var Anne Stärk-Johansen i Nordea.

Spennande og utradisjonell
Beste brosjyre var laga av Hverdagshelter UB frå Garnes vidaregåande skule. Juryen uttalar at brosjyren er ein interessevekkar:  Spennande og utradisjonelt format med eit ungdommeleg preg som vi trur kan «treffe» mange.

I internasjonal toppklasse
Beste gastronomibedrift, Sotrasnabben UB frå Sotra vidaregåande skule, får skryt av juryen for å ha laga ei einebærkrydra spekepølse av kystbeitande lam med smak som ligg heilt i internasjonal toppklasse. I tillegg har pølsa eit kjempestort og uutnytta bruksområde i bedrifts- og gåvemarknaden. Forretninsgpotensialet er stort, og på toppen av det heile kjem den lokale forankringa, der alle råvarer og tilverkingsprosessar er frå nærmiljøet.

Noregsmeisterskapen for ungdomsbedrifter gjekk av stabelen på Lillestrøm 29. og 30. april.

Meir om NM i ungdomsbedrifter

30.04.2010 14:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart