Stor interesse for «digital skule»-konferanse

Heile 445 deltakarar er påmelde til Hordaland fylkeskommune sin konferanse «Dei gode døma» – om bruk av digitale læremiddel. Om lag 15 % av lærarane i fylkeskommunen sine vidaregåande skular deltek på konferansen 8.-9. april.

Konferansen «Dei gode døma» – eit viktig tiltak i Hordaland fylkeskommune si satsing på den digitale skulen – vert arrangert på Clarion Hotel Flesland 8.-9. april 2010. Konferansen startar torsdag 8. april kl. 08.30.

Stor interesse

– Den store påmeldinga frå dei vidaregåande skulane våre, viser at det både er stort behov og stor interesse for å læra meir om nye digitale læremiddel og metodar, seier June Breivik, leiar for fylkeskommunen si satsing på den digitale skulen og primus motor for konferansen.

Interessante tema

Heile 50 ulike føredrag skal gjennomførast i løpet av dei to konferansedagane.

Ei rekkje av fylkeskommunen sine vidaregåande skular har innlegg om prosjekt ved eigne skular.

Mellom anna skal Voss gymnas, ved Ove Mjelde, presentera: – «Matematikk utan papir og blyant» – eit utval matematikkoppgåver vert løyste digitalt for å illustrera korleis elevar og lærarar arbeider med matematikken ved Voss gymnas.

Dette dømet frå «Den digitale skulen» er ein direkte avleggjar av den første «Dei gode døma»-konferansen i 2008.

Føredragshaldarar

På lista over føredragshaldarar er det på internasjonale og nasjonale toppfolk.

Professor Stephen Happell som av Microsoft i 2006 vart framheva som «Europas leiande ekspert på digital læring» skal snakka om  «Utfordringar i det noverande utdanningssystemet». I eit todelt opplegg saman med avdelingsdirektør Øystein Johannnessen i Kunnskapsdepartementet skal han ha føredrag om «Leiing i den digitale skulen og informasjonssamfunnet». Begge to skal delta i den avsluttande paneldebatten.

Lenkjer

Informasjon om konferansen

Program

Kontaktperson:

June M. Breivik, opplæringsavdelinga, mob. 934 36 090

Stanley Hauge 07.04.2010 10:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart