Fylkesutvalet ber også om at det snarast vert oppretta eit mastergradstudium i idrett i Bergen.
Det er svært viktig for regionen vår at bachelorutdanning i idrett vert sikra finansiering for framtida, og snarast kan byggjast ut til eit mastergradstudium, heiter det i fråsegna som fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok initiativet til.
Start i 2006
Bachelorutdanning i idrett ved HiB vart start i 2006. Utdanninga vart etablert på bakgrunn av engasjement frå fleire miljø; Høgskolen i Bergen, Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, Hordaland idrettskrets og Olympiatoppen Vest-Norge. Økonomisk vart det gjort mogleg gjennom eksterne midlar frå Trond Mohn.
Mastergrad
Hordaland fylkesutval ser det som svært viktig at Bergen skal kunna tilby ein mastergrad innan idrett. Idrettsfaget er i dag blant dei mest etterspurde tilboda innan høgskuleutdanninga i Noreg.
Idrettsliner i vidaregåande
Hordaland fylke har i dag stor aktivitet på mange felt innan idrett og friluftsliv. I tillegg til den omfattande aktiviteten i friviljug sektor har også fylkeskommunen teke eit stort ansvar gjennom idrettsliner i den vidaregåande skulen. Det siste er toppidrettsliner i Bergen og på Voss. Det er difor svært viktig at høgskulesektoren følgjer opp dette innan sitt ansvarsområde, heiter det i fråsegna.
Ringverknader
For Bergen som studieby med 30 000 studentar er det naturleg å ha ambisjon om ei mastergradutdanning innan idrett på relativt kort sikt. Dette vil også vera eit viktig tilbod for studentar frå Sogn og Fjordane og Rogaland. Ei styrking/vidareutvikling av bachelorutdanninga innan idrett i Bergen vil ha positive ringverknader i fylket og på Vestlandet.
Staten må stilla opp
I tillegg til dei ressursane HiB i dag sjølv rår over, må den naudsynte basisfinansieringa av eit slikt studietilbod sikrast på lengre sikt. Det er rimeleg at dette kjem i form av nye studieplassar, finansiert over statsbudsjettet, meiner Hordaland fylkesutval.