Prisutdelinga fann stad på Hordaland fylkeskommune sin Arbeidsmiljødag 2010 i Bergen 15. april.

Frå venstre: Fylkesrådmann Paul M. Nilsen saman med dei to vinnarane av fylkeskommunen sin eldsjelpris 2010, rektor Hans Peder Vibe, Bergen katedralskole, og lærar Jan-Arne Rundgren, Stord vidaregåande skule.
«Aktiv sjukemelding»
Jan-Arne Rundgren, Stord vidaregåande skule, fekk prisen for den einståande viljen og innsatsen han stått for i ein periode då han vart råka av alvorleg sjukdom som gjorde at han vart 100 % sjukemeld.
Kollegene fortel at Rundgren sjølv ønskte å vera aktiv i sjukemeldingsperioden. Gjennom heile hausten 2009 var han til stades på skulen kvar dag.
Seksjonen han jobbar ved, var hausten 2009 gjennom ein flytte- og omstillingsprosess. Då deltok Sundgren aktivt med oppussinga av dei nye lokale. Han har omskapt eit bomberom i kjellaren til eit proft fjernsyns-, radio og fotostudio, og han har vore ein drivande kraft når det gjeld oppussing av klasserom.
I grunngjevinga for pristildelinga heiter det: «Med si positive innstilling og haldning til eigen sjukdom er han ein stor inspirasjon for alle tilsette. Han har i stor grad medverka til betring av arbeidsmiljøet i seksjonen og gjort mykje for å auke trivnaden hjå dei tilsette. Han har vore ein aktiv ressurs i klasserommet og ein god støtte for kollegaene. I dag er han 50 % aktiv i undervisningsstillinga si, og han har som mål å komme tilbake i 100 % så snart som mogeleg. Ei ordentleg eldsjel!»
Tydeleg sjef som inspirerer
I grunngjevinga for pristildelinga til rektor Hans Peder Vibe, Bergen Katedralskole, heiter det at han er ein tydeleg sjef som inspirerer dei tilsette gjennom si framferd. Han får dei tilsette til å yta ekstra, dei blir sett, og dei har kjensle av å bli verdsette.
Vibe er grundig i arbeidet med å følgja opp dei sjukmelde, og samtalane med han gjer at sjukmelde finn det lettare å koma tilbake til arbeidet etter langt sjukefråvær.
Rektor Vibe vert omtala som positiv og synleg, både i det daglege og ved spesielle hendingar – både for dei tilsette og for elevane. Han bidrar så vel ved oppussing av lokale som med kakebaking og personlege julekort for å fremja trivnaden på arbeidsplassen og vise omsorg. Han er kreativ og er villig med på ulike arrangement som julefysikk, språkdagar og klimaveke. Dette gjer at han vert godt kjend også med elevane. Han er spesielt opptatt av dei framandspråklege elevane. Ei eldsjel for å fremja fellesskapet på skulen og for eit godt arbeidsmiljø for alle!