OECD til Vestlandet

22. og 23. april skal fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet møte utsende frå OECD i samband med at det skal gjennomførast ein analyse av Vestlandet og kyst-Noreg sitt tilhøve til Island, Færøyane og Grønland.

Nordisk ministermøte
Det er Nordisk Atlantamarbeid (NORA), eit samarbeidsråd i regi av Nordisk ministermøte der kyst-Noreg, Grønland, Island og Færøyane deltek, som har engasjert Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) til å gjennomføre ein slik analyse.

Økonomisk-politisk region
Målsettinga med analysen er å vurdere grunnlaget for om Island, Grønland, Færøyane og kyst-Noreg (NORA-landa) kan framstå som ein økonomisk-politisk region og korleis skape betre vilkår for ei ytterlegare styrking av det innbyrdes samarbeidet. Analysen vil vere ferdig i slutten av 2010 og vil kunne fungere som eit referanseverk med utgangspunkt i politisk–økonomisk regionanalyse.

Tydelegegjere regionen
Inkludert her finn vi samferdsle, fiskeri og maritim sektor, reiseliv, klimaendringar og miljø, innovasjon og humankapital som grunnlag for økonomisk vekst. Samstundes tenkjer ein seg at analysen skal medverke til å tydeleggjere regionen sine særlege muligheiter og kompetanse for omverda. 
Den endelege rapporten vil innehalde framlegg om politiske tiltak som kan styrke regional utvikling i NORA-regionen.

Noreg for tur
Arbeidet med analysen er ferdig i Grønland, Island og Færøyane. No er det Noreg som står for tur. Delegasjonen med representantar frå OECD og representantar frå Canada og Skottland vil kome til Bergen torsdag 22. og fredag 23 april.

Til Oslo, Tromsø og Bergen
Delegasjonen vil vere i Oslo 19. april før dei reiser til Tromsø og deretter Bergen. Møtet i Bergen vil bli organisert som ”rundebordssamtalar” om utvalde tema og vil gå føre seg på engelsk.
Vestlandsrådet er medlem i NORA og vil fungere som vertskap for OECD-delegasjonen.

Kontaktperson: Sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no

Trond Ueland 13.04.2010 12:04
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart