Den mellombels terminalen er oppretta for at sørgåande bussar ikkje skal måtta kryssa bybaneskinnene når dei svingar ut i Fjøsangervegen.
Flyttar
Busslinjene som vert flytta til den nye terminalen, er følgjande:
1, 20, 21, 22, 23, 24, 26, 60, 80, 90, 525, 530, 560, 620, 650, 740, 761 og 900.
Alle andre bussar skal gå som vanleg frå perrongane på nordsida av skinnene.

Sørenden av Bystasjonen er bygd om til bussterminal. I denne omgang skal storparten av dei sørgåande bussane nytta denne terminalen. Bussane kjører ut i Fjøsangerveien i dette krysset.
Ombygging
Den mellombels terminalen som Hordaland fylkeskommune har oppretta, ligg på det området av Bystasjonen som tidlegare var godsterminal. Området ligg på sørsida av bybanetraseen som går tvers igjennom Bystasjonen.
Trafikksikring
– For å letta trafikkavviklinga i krysset mot Fjøsangervegen og minska faren for uhell, flyttar vi dei fleste sørgåande bussane til utkøyring sør for skinnegangen, seier Ingrid Dreyer, kommunikasjonsrådgjevar i Skyss.
Når reisande mot sør til hausten skal over på Bybanen, vil den mellombels terminalen i sør verta omgjort til bussparkering og pauseområde for bussjåførar.
Skal byggja om Bystasjonen
Til neste år skal Hordaland fylkeskommune byggja om heile bussterminalområdet på Bystasjonen. Eit kjempestort prosjekt til ca. 200 mill. kr.
Lenkjer
Meir informasjon om omlegginga
Oversiktskart over den nye terminalen

Det nye terminalområdet i Bystasjonen sør.