
– Alt går på data, seier matematikklærar ved Voss gymnas Ove Mjelde (midten). Anne Cathrine Gotaas brukar sjølv pc til matematikkundervisinga ved Sandvika videregående skole i Bærum og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld seier dette er rette vegen å gå. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Forbausa
– Eg vart forbausa over å bli spurt om å fortelje om bruken vi på Voss gymnas gjer av data i matematikk på konferansen her. Det er visst ikkje så vanleg i den vidaregåande skulen i dag, seier Mjelde. Han deltok på ”Dei gode døma” for to år sidan og vart oppglødd over lærarar frå Mandal som presenterte bruk av PC i matematikk.
Hugselappar på PC-en
– Det så svært interessant ut det dei gjorde i Mandal. Då brukte vi papir og blyant, kalkulator, og litt excell-rekneark som vi skreiv ut på papir her på Voss. No har vi slutta heilt med papir og blyant og gjer all matematikk på PC-en. Dei einaste gongane eg ikkje brukar PC er for å skrive med kritt på tavla, men det gjer eg berre ein sjeldan gong for variasjon og for å understreke eit poeng. Av og til har vi behov for hugselappar, men vi bruker hugselappar på pc-en og aldri på papir.
Ikkje hallelujastemning
Mjelde ser at bruk av data har mange plussider ved seg.
– Eg vil ikkje seie halleluja og at dette er vegen å gå, men eg er nøgd og elevane er nøgde. Bruk av pc gjer elevane meir motiverte. Vi kan stille spørsmål om elevane lærer meir matematikk ved bruk av data, men det vil eg ikkje svare på. Faktisk veit eg ikkje.
Hypotese om umotiverte elevar
I startfasen var Mjelde skeptisk til bruk av datamaskin i undervisinga.
– Nye læreplanar krev bruk av IKT, men vi var skeptiske til bruk av pc. På den andre sida tenkte vi på kva vi kan vi gjere for dei mest umotiverte elevane. Vi hadde ein hypotese om at det kunne vere kjekkare å lære matematikk på datamaskinen, og det slo til. Elevar som presterte dårleg på papir lagar dei flottaste grafane på PC. Du verden! Mange elevar opplever å få til noko som ser fint ut.
Skeptiske til tastatur
Mjelde har gjort ein del research for å finne fram til dei rette programpakkane og har funne program som fungerer godt.
– Vi var og skeptiske til å ta i bruk tastatur til å skrive matematiske oppgåver fordi vi trudde det ville gå så seint, og kva med svake elevar som kan hende ikkje ville klare å skrive meir enn halvparten på PC av det dei ville greie på papir. Men der tok vi også feil. Vi kan nemleg bruke hurtigtastar og då går det svært raskt. Sjølv svake elevar får dette til.
Interessert
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld lytta interessert til foredraget til Ove Mjelde og seier at dette er rette vegen å gå i undervisinga i matematikk.
Hordaland langt framme i bruk av PC i skulen
Dei gode døma
Den digitale kvardagen (Meir om konferansen ”Dei gode døma”)