– Som trainee får du vere med på møteplassar som ikkje er vanleg for andre tilsette. Du får frikjøpt tid for å få innblikk i eit større saksfelt, seier trainee Marte Hagen Eriksrud i Hordaland fylkeskommune.
I to avdelingar
Marte Hagen Eriksrud har vore trainee både i samferdselsavdelinga og er no i regionalavdelinga. Den nye trainee-stillinga blir plassert delvis i regionalavdelinga og delvis i opplæringsavdelinga.
Politisk handsaming
– Eg byrja i midten av august i fjor i samferdselsavdelinga og jobba til dømes med belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda, prosjektgruppa for utgreiing om køprising, pluss ein del saker som gjekk til politisk handsaming. Etter eit halvt år der gjekk eg over til regionalavdelinga der eg jobbar med regional planstrategi for Hordaland, fråsegn til reguleringsplanar og skal over påske vere med i arbeidet med å handsame høyringssvara til klimaplanen for Hordaland.
Samfunnsgeograf
Marte Hagen Eriksrud er utdanna samfunnsgeograf frå Universitetet i Bergen. Trainee-jobben i Hordaland fylkeskommune går over eitt år. Etter tre kvart år skal det avgjerast om traineen får fast jobb. I tillegg til daglege rutinar i arbeidet har traineen fått delteke på eksterne kurs saman med andre traineear som er blitt rekruttert gjennom Trainee Vest-prosjektet.
Gull verdt
– Å få vere med på dette er gull verdt. Det er attraktivt å komme til Hordaland fylkeskommune. Eg vart møtte med forventningar om at eg hadde noko positivt å bidra med. Eg har fått ansvar og svært spennande og gode arbeidsoppgåver.
Stå på
– Kva vil du seie til dei som tenkjer på å søkje jobb som trainee i Hordaland fylkeskommune?
– Stå på! Det må dei absolutt gjere. Det er eit miljø med sterkt fagleg kompetanse i fylkeskommunen. Sjølv om du er nyutdanna, får du prøve deg på faglege utfordringar og noko å bryne deg på. Det er eit svært breitt arbeidsfelt i fylkeskommunen. Som trainee får du vere med på møteplassar som ikkje er vanleg for andre tilsette. Du får frikjøpt tid for å få innblikk i eit større saksfelt. Du får oversikt og innblikk. Eg var mellom anna på næringskonferansen sjølv om eg ikkje har arbeid knytta til næringsseksjonen. Som trainee skal du få ei brei forståing av jobben, seier Marte Hagen Eriksrud som i august avsluttar jobben som trainee i Hordaland fylkeskommune.
Ny trainee
Den nye traineen vil bli knytt til arbeidsområdet ”Forholdet mellom opplæringssektoren og næringsliv” med plassering i to av fagavdelingane, regionalavdelinga og opplæringsavdelinga.
Informasjon om trainee-ordninga til Trainee Vest
Meir informasjon om den nye trainee-stillinga i Hordaland fylkeskommune og elektronisk søknadsskjema for traineestilling