Lanserte tanken om norsk internasjonal pris for læring

– Det er ein forlokkande tanke at vesle Noreg skal vere i forkant av utviklinga innan undervising og læring. At Noreg skal tenke stort, tenke Nobel, og etablere ein internasjonal pris for læring. Denne tanken lanserte den engelske professoren Stephen Hepp

– Noreg må satse på utdanning i framtida. Vi skal leie i staden for å følgje etter, seier den engelske professoren, Stephen Heppel, her mellom opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (t.v.) og June Breivik og Kjetil Brathetland som stod bak den digitale skolekonferansen ”Dei gode døma”.
– Noreg må satse på utdanning i framtida. Vi skal leie i staden for å følgje etter, seier den engelske professoren, Stephen Heppel, her mellom opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (t.v.) og June Breivik og Kjetil Brathetland som stod bak den digitale skolekonferansen ”Dei gode døma”. (Begge foto Bjarte Brask Eriksen).

Prisen skal setje spor etter seg, slik Nobelprisen har gjort
Stephen Heppel talte til nærmare 500 lærarar på skolekonferansen til Hordaland fylkeskommune og lanserte ideen om ein internasjonal pris innan utdanning og læring på linje med Nobelprisen. Prisen skal bidra til utvikling og setje spor etter seg, slik Nobelprisen har gjort.

Noreg har både pengar og eit stabilt samfunn
– De har høve og de har både pengane og eit stabilt samfunn. Førebels har de oljepengar å flyte på, men det er ikkje nok. Noreg treng og å satse på utdanning i framtida. Vi skal leie i staden for å følgje etter. Vi må slutte å la internasjonale undersøkingar om kor flinke elevane er, styre tankane våre om skulen og i staden spørje oss sjølve. Kvar vil vi? Korleis er samfunnet i morgon. Kva behov for kunnskap skal vi strekkje oss etter? Og korleis lærer elevar best? spurde Stephen Heppel utan å svare på spørsmåla.

Ideen med seg til Kunnskapsdepartementet
Avdelingsdirektør Øystein Johannessen i Kunnskapsdepartementet høyrde foredraget til Heppel og lovde å ta ideen om utdanningsprisen med seg til departementet.

– Vi får skuletaparar fordi elevane ikkje blir stimulerte, ikkje fordi dei er dumme, seier Ole Petter Nyhaug som i 15 år har forska på korleis unge menneske oppfører seg.Manglar stimulering
Ole Petter Nyhaug har i 15 år forska på korleis unge menneske oppfører seg og sa at svaret på korleis barn skal lære i framtida er å stimulere dei.
– Vi får skuletaparar fordi dei ikkje blir stimulert, ikkje fordi dei er dumme. Kontinuerleg læring er det viktigaste for unge når vi spør dei kva som er det viktigaste i livet deira. Det er ikkje evna til å konsentrere seg som er feil. Det er måten dei blir stimulert på. Det er feil å seie at ungdom i dag ikkje kan konsentrere seg.

– Vi får skuletaparar fordi elevane ikkje blir stimulerte, ikkje fordi dei er dumme, seier Ole Petter Nyhaug som i 15 år har forska på korleis unge menneske oppfører seg.

Bruk pc-en i to timar før du går ut og leikar
Nyhaug meiner bruk av verktøy som PC stimulerer dei unge.
– Dei lærer meir av tre timar på PC-en enn tre veker på skulen. Jo tidlegare dei får datamaskin og mobiltelefon, jo betre. Det er ein rotlaus og trådlaus generasjon. Dei lever i ei heilt anna verd enn den vi lever i. Eg ville sagt bruk to timar på pc-en før du går ut og leikar!

La elevane bruke verktøy til å fortelje ei historie
Nyhaug meiner lærerolla og er endra.
– Lærarane skal ikkje vere ekspertar på dei ulike verktøya. La elevane vere det, og så skal lærarane fylle verktøyet med meiningsfylt innhald. Lærarane skal gje rettleiing og kompetanse. Rolla til lærarane må vere å la elevane bruke verktøy til å fortelje ei historie. La de unge ta ansvar for verktøya, så kan lærarane ta ansvar for læremidla, sa forskar Ole Petter Nyhaug.

Hordaland langt framme i bruk av PC i skulen

Matematikk heilt utan papir og blyant

Dei gode døma

Den digitale kvardagen (Meir om konferansen ”Dei gode døma”)

Bjarte Brask Eriksen 20.04.2010 14:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart