– Hordaland fylkeskommune, som skal stå for drifta og den vidare utbygginga av Bybanen, ser det som svært ønskjeleg med kunstnarleg utsmykking langs bybanetraseen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Hevar kvaliteten
– Kunstprosjekta har ein verdi i seg sjølv, og spelar også ei rolle i profileringa av Bybanen og utviklinga av områda langs traseen. Med Bybanen sine titusenvis av reisande dagleg, vil kunstverka få eit stort og ueinsarta publikum, seier fylkesordføraren. – Kunstnarleg utsmykking vil heva kvaliteten på det offentlege rommet ved stoppestader og banetraseen elles.
Følgjer opp
– Fylkeskommunen har dei siste åra lagt til rette for og gjennomført kunstnarleg utsmykking ved større nybygg og tilbygg for dei vidaregåande skulane. Vi ønskjer også å følgja opp denne satsinga med kunstnarleg utsmykking knytt til Bybanen, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Bergen starta
Bergen kommune som utbyggar av Bybanen byggjetrinn 1 sette i gang eit prosjekt for kunst i tilknyting til Bybanen hausten 2008.
Finansiering
Kunstprosjektet for Bybanen fase 1 er delt i to. To mindre kunstprosjekt i tunnelar skal stå ferdige til bybaneopninga i juni. Hovudprosjektet A1 Florida er budsjettert til 4,3 mill. kr. Bergen kommune har løyvd ca. 1,6 mill. kr frå sitt fond til kunstnarleg utsmykking. Over bybanebudsjettet er løyvd 1 mill. kr og Sparebankstiftelsen DnB Nord har gjeve ei gåve på 1 mill. kr. Med fylkeskommunen si løyving på 700 000 kr er prosjektet no finansiert.
Konkurranse
Prosjektet er krevjande, både kunstnarleg og teknisk. Kunstutvalet for Bybanen har sett i gang lukka konkurranse gjennom ein internasjonal prekvalifisering for prosjektet A1 Florida, og fem kunstnarar frå Noreg, Tyskland og Frankrike deltek.
Vinteren 2011/12
Vinnar av den no pågåande konkurransen vert det teke sikte på å kåra til hausten. Det vil verta ei markering ved offentleggjeringa, presentasjon og utstilling av konkurranseutkast. Ein forventar ferdigstilling og overlevering av kunstverket vinteren 2011/ 2012.