Ein stand med informasjon om Kulturkortordninga vart sett opp utanfor Peer Gynt-salen, og alle dei 300 deltakarane på UKM fekk kvar sitt nett med informasjonsark, brosjyrar og oversikt over ulike tilbod og fordelar Kulturkortet kan gje dei.
Første utdeling av kulturkortstipendet
Mest spennande for ungdommane var likevel utdelinga av det nye Kulturkortstipendet. På UKM fylkesmønstringa deler Kulturkortordninga ut 2-4 stipend på til saman 10 000 kr til deltakarar mellom 16 og 20 år, der bidraga boblar av energi og formidlar god kunst og kultur på ein måte som spesielt treff ungdom i deira eiga aldersgruppe. Dei ordinære fagjuryane nominerer ein kandidat innanfor sin sjanger, og deretter vel Kulturkortjuryen vinnarane mellom dei nominerte.
Juryen
Kulturkortjuryen var denne gongen sett saman av Lars Arne Nilssen (17) frå Ungdommens fylkesting, Iselinn Andreassen (17) frå ungdomsgruppa Ung Film, og Eva Rem Hansen frå Kulturkortordninga. Stipenda vart utdelt av Ronny Skaar frå Kultur- og idrettsavdelinga.
Kr 2 500 til "Herremannsbruden"
Første stipend på 2500 kr gjekk til Lina Taule Fjørtoft (16), som kjem frå Arna. Ho fortalde eventyret om Herremannsbruden, på ein særs livleg og kreavtiv måte. Ho spela sjølv alle karakterane i forteljinga, og la om stemma og skifta deler av kostymet sitt undervegs. Sjølv om eventyret er gamalt la den unge forteljaren inn uttrykk og kroppsspråk frå si eiga tid, noko som gav eit veldig morosamt resultat.
Kr 2 500 til kortfilm
Det andre stipendet, også det på 2500 kr, gjekk til kortfilmen ”Primadonna”. Filmen, som var ein artig parodi på realitysjangeren og ”det sjølvbevisste mennesket”, var laga av Jonas Neset Gjøen (16) og Mohammed Sarmadawy (16) frå Bergen. Dei to hadde laga ei historie om ein ung gut som flytta frå Bergen til Sotra. Han meinte sjølv å ha ei jamn fordeling av å vere sjølvtilfreds og ha sjølvinnsikt, men vi fekk snart sjå at det var meir av det første enn det andre, noko som skapte problem for byguten mellom øyfolket.
kr 5 000 til trasch core-band
Det siste stipendet, på heile 5000 kr, vart tildelt trash core-bandet Downfall frå Fjell. Bandet består av Daniel Stensholt Granum, Kristoffer Rørvik, Morten Fjærestad og Ole-Petter Åsvang Krogsæther, alle på 15 og 16 år. Dei hadde allereie mange fans som samla seg framfor scenen medan dei spela, og fekk nok enda fleire etter framføringa av songen ”Walking through the light”.
Lenkjer
På UKM sine nettsider finn du videosnutten som heiter ”Lina Taule Fjørtoft – Herremannsbruden”.
Kulturkort for ungdom i Hordaland