Klimaplan med vekt på klimatilpassing

Kutt i klimagassutsleppa, energieffektivisering og klimatilpassing. Dette er hovudområda i framlegget til Klimaplan for Hordaland som no skal opp til politisk handsaming i fylkeskommunen.

Det er brei semje om at dei globale klimaendringane er menneskeskapte. Dei store utfordringane må løysast gjennom internasjonale avtalar, men vi her i Hordaland må også gjera vårt.

Handlingsprogram

Det er utarbeidd eit eige handlingsprogram med framlegg til mål, strategiar og tiltak: Tiltaka skjer hovudsakeleg på tre område:

Utsleppa av klimagassar skal kuttast med 22 prosent innan 2020, samanlikna med nivået i 1991. Innan 2030 skal utsleppa vera reduserte med 30 prosent. For å finansiera naudsynte tiltak, særleg innan transportsektoren, bør det innførast ei ordning der staten kjøper klimakvotar frå kommunane.

Energibruken i private heimar og i industrien skal reduserast med 30 prosent innan 2020. Ti år seinare skal energibehovet, uansett føremål, i størst mogeleg grad dekkast ved hjelp av fornybare energikjelder. Satsinga på fornybart må likevel skje utan at det fører til tap av naturmangfald.  

Føre var

Føre var-prinsippet ligg til grunn for dei føreslegne tiltaka for klimatilpassing. Planen tek det for sjølvsagt at det vil skje menneskeskapte klimaendringar, og at fylket skal vera best mogeleg budd, same kva som skjer.

Første utkast til klimaplan vart sendt ut på høyring like før årsskiftet. Utkastet vekte stort engasjement, og det kom inn 39 høyringsfråsegner, mange av dei med konkrete framlegg. No er fråsegnene innarbeida i planen.

Politisk behandling

Fylkesutvalet har hatt høyringsutkastet til orientering, men utan å gje kommentarar før utkastet vart sendt ut på høyring. Planen skal no opp til omfattande politisk behandling: Kultur- og ressursutvalet (4. mai), samferdsleutvalet (5. mai) og opplærings- og helseutvalet (18. mai), før han igjen skal leggjast fram for fylkesutvalet (20. mai) og behandlast i fylkestinget 8. – 9. juni.

Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020 – Regional plan

Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020 – framlegg til vedtak

Forslag til handlingsprogram

Meir om klimatiltak i Hordaland fylkeskommune

Liv Strømme 30.04.2010 14:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart