Klart for påmelding til sommarskolen

Det er no klart for påmelding til sommarskolen for elevar og lærlingar i den vidaregåande skulen i Hordaland. Sommarskolen blir i Bergen og på Askøy frå 28. juni til 9. juli og er eit tilbod til alle som vil styrke seg i enkelte fag eller som ønskjer ny e

Sommarskolen i Hordaland er populær. Her frå sommarskolen i fjor: Anders Sveen godt plassert mellom Seyt frå Tjetsenia og tømrarlærlingen Stian Mogen. (Foto: Tormod Valaker)
Sommarskolen i Hordaland er populær. Her frå sommarskolen i fjor: Anders Sveen godt plassert mellom Seyt frå Tjetsenia og tømrarlærlingen Stian Mogen. (Foto: Tormod Valaker)

To veker
Sommarskolen går over to veker og tilbyr undervising i faga matematikk, norsk, engelsk og naturfag. Alle elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland kan søkje tilbodet som er gratis. Alle deltakarar får gratis frukost og lunsj, og dei som vil ha tilbodet på Askøy, får også gratis overnatting, slik at deltakarane der kan kome frå heile fylket.

Både elevar og lærlingar
Sommarskolen er også for elevar og lærlingar i den vidaregåande skulen som tek yrkesretta eksamen. Dei får høve til å gå opp til ny eksamen på siste dagen av sommarskolen 9. juli. Dette gjeld elevar og lærlingar som har "ikke bestått" eller "ikke vurdert" eller som vil betre karakteren i yrkesretta eksamen.

Matematikk og norsk i Bergen
Sommarskolen tilbyr faga matematikk og norsk i Bergen. Undervisinga skjer i Røde Kors-huset i Bergen sentrum i Vetrlidsalmenning 9 ved Fløibanen og ved Bergen katedralskole.

Matematikk, engelsk og naturfag på Askøy
Faga matematikk, engelsk og naturfag er tilbodet på Askøy. Undervisinga er ved Askøy videregående skole. Elevar og lærlingar frå heile fylket kan delta då Røde Kors tilbyr privat innkvartering.

Godt samarbeid
Sommarskolen er eit samarbeid mellom Røde kors og Hordaland fylkeskommune og blir i år arrangert for fjerde gang. Lærarar i matematikk, norsk, naturfag og engelsk frå Hordaland fylkeskommune er ansvarlege for undervisinga med støtte frå frivillige leksehjelparar frå Røde kors.

Fleire opplysingar om sommarskolen og påmelding

Kontaktperson: Petter Borthen: e-post petter.borthen@post.hfk.no,
telefon 55 23 92 48

Bjarte Brask Eriksen 14.04.2010 12:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart