Jondalstunnelen – første salve nord

Det var berre blide fjes å sjå på dei frammøtte då første salven på nordre ende av Jondalstunnelen vart fyrt av onsdag 7. april. Det drønna godt mellom fjella fire minutt etter at leiar for samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus, tente

Framdrifta av dette store fylkevegprosjektet til Hordaland fylkeskommune skjer dermed frå begge endar. Frå kvinnheradssida (Nordrepollen) er ca. 1,3 km av tunnelen alt sprengd ut. Tunnelen får ei samla lengd på 10 150 meter, og vert det nest lengste i Hordaland til no.

God framdrift

– Frå sør har fjellkvaliteten hittil vore så god at framdrifta går greitt. Dersom vi får like gode tilhøve frå nordsida ser vi for oss å kunne driva opp mot 70 meter i veka, seier Harkestad. – Då vil vi kunna få gjennomslag tidlegare enn berekna, kanskje allereie i oktober 2012.

Skytebas I, Roger Botnen, frå Kruse-Smith AS hjelper ”Skytebas II” og leiar for samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus, med å tenna lunta. Etter fire minutt gjekk salven av, akkurat som planlagd. Egil Torheim frå NRK Hordaland ville gjerne ha med freselyden frå lunta inn i historia… (Foto: Statens vegvesen.)

Lenkjer

Les meir om første salve på jondalssida
             
Om Jondalstunnelen
 

Stanley Hauge 09.04.2010 08:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart