Fylkesordføraren i Stortings-høyring om kvikksølvlasta ved Fedje

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg skal delta i den opne høyringa i Stortinget tysdag 27. april om Regjeringa si handteringa av saka om fjerning av kvikksølvet i ubåten U-864 ved Fedje.

Det er Transport- og kommunikasjonskomiteen som gjennomfører høyringa vert halden i Stortinget tysdag 27. april frå kl. 16.00.

Høyringa er ein del av komiteen si handsaming av Prop. 81 S (2009-2010) Håndtering av ubåten U-864.

Utsetjing

Regjeringa har gått inn for å gjennomføra nye utgreiingar før det vert endeleg avgjort korleis kvikksølvlasta ved Fedje skal fjernast. Dette fører til utsetjing i høve til det vedtekne opplegget med heving.

Statsråd Lisbeth Berg-Hansen er den første som skal i elden i komitehøyringa, saman med kysdirektør Kirsti Slottsvik, departementsråd Jørn Krog og ekspedisjonssjef Arne Bejaminsen.

Kl. 16.20

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er den neste som skal leggja fram sitt syn, med start kl. 16.20.

Lenkjer

Program for høyringa i Transport- og kommunikasjonskomiteen tysdag 27. april kl. 16.00

Prop. 81 S (2009-2010) Håndtering av ubåten U-864

Kontaktperson:

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733

26.04.2010 15:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart