Fylkesutvalet i Hordaland meiner stabile føreseielege rammevilkår er sentralt om Noreg skal lukkast med langsiktig satsing innan fornybar kraftproduksjon. Fylkesutvalet krev at Regjeringa står ved tidlegare lovnader om at alle småkraftverk bygd etter 1.1.
Fylkesutvalet vedtok 22. april samrøystes ei fråsegn til olje- og energiministeren om dette.
Overgangsordning
Regjeringane i Noreg og Sverige inngjekk 7.9.2009 i ein overeinskomst mellom landa om etablering av felles elsertifikatmarknad frå 1.1.2012. Olje- og energiministeren har etter dette lagt fram ei overgangsordning for deltaking i sertifikatmarknaden. I denne er det berre dei minste kraftverka (inntil 1MW) frå 2004 som får vera med i ordninga, medan alle kraftverk etablert etter 7.9.2009 vert inkluderte.
Brot på lovnader
«Opplegget som departementet no legg opp til, er eit klart brot på lovnader gjevne under vegs i arbeidet med å innføra elsertifikat», heiter det i fråsegna frå fylkesutvalet. Vidare: «Med lovnadene om at kraftverk bygde etter 1.1.2004 skulle koma med i ordninga, har mange grunneigarar fylgt opp tidlegare Storting og regjeringar sine oppmodingar om å satsa på fornybar energi og investera i småkraftverk.»
Vekkjer oppsikt
«Regjeringa sitt nye opplegg inneber at ei rekkje kraftverkseigarar som stolte på lovnadene i 2004 vert haldne utanfor denne marknaden, sjølv om statssekretær Størvold i OED i 2008 lova at alle småkraftverk skulle få vera med. At Olje- og energidepartementet ikkje står ved tidlegare lovnader vekkjer oppsikt og stor frustrasjon hos dei som har investert i god tru på at dei ville vere inkludert», seier fylkesutvalet i fråsegna.
Hordaland
I Hordaland er det 17 kraftverk med 220 GWh i midlere årsproduksjon som ikkje kjem med i ordninga, etter opplegget regjeringa no legg opp til. Desse kraftverka er bygde i perioden 1.1.2004-31.12.2008.