Bokbåten på vårtur i Hordaland med Ola Bremnes og Eva Mørkeset

Bokbåten Epos er på vårtur i Hordaland frå 6. april til 26. april. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram kjem båten til kai 54 stader i 21 kommunar i fylket.

Bokbåten EposBokbåttenesta er Vestlandet si unike flytande bibliotekteneste. Den er eit samarbeidstiltak mellom fylkesbiblioteka i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. To gonger i året besøker Bokbåten øyar ytst i havgapet og bygder inst inne i fjordane. På kvar stad blir det tatt i land eit minibibliotek som folk kan låne frå til bokbåten kjem att.

Kulturprogrammet om bord frå 6. til 15. april er framsyninga ”Trøbbel i trapesen” med trubadur og forfattar Ola Bremnes, basert på barneboka hans med same tittel. Ola Bremnes har skrive bøker og manus til diverse framsyningar. Han har gitt ut 10 plater, mellom andre ”Gudene vet” og ”Livstegn”. Meir om Ola Bremnes på www.olabremnes.no

Frå 16. – 26. april, er det Eva Mørkeset som står for kulturprogrammet, med framsyninga ”Rødhette og ulven”. Eva Mørkeset er utdanna skodespelar i København og London. Ho driv teatergruppa ”Heightened Reality”, og arbeider som skodespelar, teaterlærar og dagleg leiar på Jugendteateret i Ålesund.

Kulturprogrammet er eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken i Hordaland, og er støtta av Folkeakademiet i Hordaland.

Les meir om kulturprogramma og bokbåtturen på nettstaden til bokbåten  www.bokbaten.no.

06.04.2010 11:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart