
Bjørgvin videregående skole har hatt besøk av elevar og lærarar frå Spania.
Frå tre vidaregåande skular i Spania
I april har dei hatt utplassert elevar frå tre vidaregåande skular i Spania, alle frå fylket Murcia. Frå skulen IES. Carlos III kom det fem IKT-studentar, frå skulen IES. A. Bastarreche kom det åtte elevar og fem lærarar innan hudpleie, og frå skulen IES Jimenez de la Espada kom det 18 elevar og to lærarar på studiespesialiserande fag.

Elevane hadde det moro med naturfag på Vilvite.
Lagar animasjonar på Vilvite-senteret
Fire av IKT studentane er utplassert i fire veker på vitensenteret Vilvite der dei lagar animasjonar til utstillingane som skal bli brukt i realfagundervisinga. Ein student er på IKT-driftsavdelinga ved Bjørgvin videregående skole og jobbar med support.
– Vi hadde felles kulturelle- og sosiale arrangement som grilling på Fløyen, omvising på Hanseatisk Museum og dagstur til Voss og Voss folkemuseum. Dei norske elevane som har spansk, var guidar.

Tur til Fløyen stod på programmet for dei spanske elevane.
Korgfest
Hudpleieelevane hospiterte på hudpleieavdelinga ved Bjørgvin videregående skole og utførte behandling av norske kundar, samt hadde et vellukka opplegg med omvising og spa på Solstrand Hotell og Bad. Dei andre elevane besøkte Akvariet, Vilvite-senteret, Naturhistorisk Museum, i tillegg til at dei følgde undervisinga i klassen til sine vertar. Som avslutning laga elevar og lærarar korgfest for gjestene i Gimle.
Variert
– Gjestene våre opplevde eit variert vêr frå tindrande vårsol til kald, sur vind og til slutt snø. Dessverre vart heimreisa hindra av oskeskyar og vart to dagar forseinka med buss gjennom halve Europa, seier internasjonal koordinator Maria S. Olsen.

Hudpleieelevane frå Spania fekk omvising på Solstrand Hotell og Bad.