- Det var inga vanskeleg avgjerd. Fusa vidaregåande er resultatorientert og vert årleg kvalitetsvurdert. Tilbakemeldingane frå primærkundane er svært bra. Av dei kjem om lag halvparten frå andre kommunar enn Fusa. Fusa vidaregåande behandlar elevane sine som gode kundar, og årets bedrift 2010 fyller kravet om serviceinnstilling og positiv profilering av Fusa til fulle, skrytte styreleiar i Fusa Næringslivslag, Jostein Djupvik, då han overrekte prisen til skulen.

Fusa vidaregåande har vore banebrytande med å skape nye tilbod innafor sitt arbeidsområde, sa leiaren for Fusa Næringslivslag, banksjef Jostein Djupvik, då han overrekte gavesjekk på 5000 kroner og diplom rektor Annbjørg Laupsa. Midt i gleda fungarande rektor Tor Johannes Hjertnes.
2,9 prosent fråfall
Mottakarar var fungerande rektor Tor Johannes Hjertnes og rektor Annbjørg Laupsa. – Kvifor denne utmerkinga?
- Vi jobbar på mange plan for å styrkje skulen. Eg trur nok det er arbeidet vi gjer for å seinke fråfallet som var ein av dei utslagsgjevande faktorane for prisen frå næringslivslaget og Fusa Utviklingsselskap, seier Annbjørg Laupsa.
Det er berre tull og tøys når det står på prent at fråfallet er 30 prosent i den vidaregåande skulen.
- Fråfallet hos oss er 2,9 prosent, korkje meir eller mindre. Men det skal verte endå lågare, seier både Laupsa og Hjertnes.

Annbjørg Laupsa og Tor Johannes Hjertnes er stolte over utmerkinga som årets bedrift i Fusa
For å få det til, har skulen teke nye verkemidlar i bruk. – Vi har oppretta eit prosjekt saman med ungdomsskulane i Samnanger, Tysnes og Fusa som medlemer for å gjere overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande betre. Rådgjevarane hos oss og på desse skulane jobbar også tett saman med næringslivslaget for å gje råd om dei rette utdanningsvala for dei unge. Slik seinkar dei fråfallet på sikt, og vi opplever at det er veldig få som sluttar utan grunn, seier Annbjørg Laupsa.
Nytt tilbygg neste haust
To gonger i løpet av skuleåret har rektorane på dei same skulane felles planleggingsmøte der dei drøftar det trettenårige skuleløpet. Også matematikk-, norsk- og engelsklærarane kjem saman på dei grunn og vidaregåande.
- Målsetjinga med møteverksemda er at vi skal vite om kvarandre, ikkje minst på vurdering. For lærarane vil det seie at dei får betre kunnskapar om kvarandre, kva bøker som vert nytta og kva som blir lagt vekt på i undervisninga. For matematikken sin del er det viktig å tenkje i gjennom kva del elevane skal velje, den praktiske eller den teoretiske, fortel dei to sjefane. I november skal dei arrangere felleskonferanse om klasseleiing, og til neste haust står et flott tilbygg klart.
På 1980-talet starta skulelivet i Fusa opp på vidaregåande nivå med en industrirøyrleggjarklasse, filial av Os yrkesskule. Så vart det skule i leigde lokale før nyeskulen stod klar. No kjem det alt tilbygg, for alt er heilt sprengd, seier Annbjørg Laupsa. Det er ei stund sidan Fusa gjekk frå sisteplass på søkjarlistene til førsteval.
- Skulen betyr veldig mykje for lokalmiljøet, og er sjølv svært opptatt av å ha eit godt samarbeid med resten av næringslivet i kommunen. Det er viktig for oss alle å sjå at dei lukkast, seier Djupvik.