Arbeidsglede reduserer sjukefråværet

Arbeidsglede er viktig for eit lågt sjukefråvær, trekte stortingsrepresentant Kjersti Toppe fram i sitt innlegg på Hordaland fylkeskommune sin Arbeidsmiljødag 2010 i Bergen 15. april. Ho fekk støtte frå fleire andre deltakarar i dette.

«Kvifor masar alle om sjukefråværet?» var sett som Kjersti Toppehovudtema for Arbeidsmiljødagen 2010, som er den tredje slike konferansen fylkeskommunen har skipa til.

Arbeidsglede er viktig for å få ned sjukefråværet, sa stortingsrepresentant Kjersti Toppe på fylkeskommunen sin Arbeidsmiljødag 2010.

Ta tak i arbeidsmiljøet

Det er eit stort potensial i å redusera sjukefråværet ved å ta tak i arbeidsmiljøet. Det handlar om å skapa gode arbeidsplassar der medarbeidarane får motiverande arbeidsoppgåver, trekte stortingsrepresentant Toppe fram. Ho la til at dette både er eit leiaransvar og eit ansvar for den enkelte tilsette.

Vi har alle behov for å verta verdsette. Målstyrings- og rapporteringsiveren må ikkje verta så stor at det reduserer arbeidsgleda, var Toppe si meining.

Trivsel og tryggleik

Hovudverneombod i Hordaland fylkeskommune, Jorunn Bakke Johannessen, trekte fram trivsel og tryggleik som stikkord. Fylkeskommunen er flinke med tryggleik. Trivselen er bra, men vi kan verta betre.

Jorunn Bakke Johannesen

Det er viktig at kvar og ein har ei verdsett rolle – alle skal vera inkludert. På ein arbeidsplass er det lettare å ta opp «det som trykkjer» når ein er verdsett, sa Bakke Johannessen

Trivsel og tryggleik er viktig for eit godt arbeidsmiljø, sa hovudverneombod fylkeskommunen, Jorunn Bakke Johannessen.

Kommunikasjon og kultur

Rektor Inge Alver ved Knarvik vidaregåande skule sa at ved å ha trygge og gode forhold for kommunikasjon i kvardagen, vil ein få ein kultur der det ligg til rette for å snakka med sjefen når vanskelege situasjonar oppstår.

Må gjera noko sjølv

Det vi gjer i kvardagen er viktig og vert i det lange løp avgjerande for at vi får eit godt arbeidsmiljø, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna konferansen. Tiltak er eit ansvar for leiarane, men kvar enkelt kan og skal gjera noko sjølv også.

Høgt sjukefråvær i Noreg

I internasjonal samanheng figurerer Noreg tradisjonelt heilt i toppen når det gjeld sjukefråvær – det er høgare her enn i dei fleste andre land, sa forskingsdirektør og professor Jan Erik Askildsen frå Rokkansenteret.

Sjukelønsordninga i Noreg er slik at den har god fordelingsprofil. Den vert relativt sett mest nytta av dei med låg inntekt. Samanhengen mellom inntekt og helsetilstand er slik at sjukefråværet vert lågare med høgare inntekt.

Arbeidsløyse og sjukefråvær heng nært saman. Stigande og høg arbeidsløyse aukar sjukefråværet. Kompensasjonsordninga – sjukelønsordninga – påverkar også sjukefråværet. Redusert kompensasjon, ved karensdagar eller redusert utbetaling (t.d. 90%), vil få sjukefråværet til å gå ned, sa Askildsen.

Stortingsrepresentant Toppe trekte fram at det i Noreg skal vera lett å få sjukemelding. Vi har også ei plikt til å leggja til rette for at flest mogleg får delta i arbeidslivet. Begge desse faktorane spelar klart inn på nivået på sjukefråværet. Men det er eit velferdsgode som vi har valt å prioritera. Retten til full løn under sjukdom, skal det ikkje forhandlast om no, sa Toppe.

Flott arrangement

Arbeidsmiljødagen 2010 samla 130 deltakarar frå fylkeskommunale verksemder frå alle delar i Hordaland.

I tillegg til det solide faglege programmet og utdelingar av arbeidsmiljøpris og eldsjelpris, var programmet krydra med flotte kunstnarlege innslag. Dei var det elevar frå Langhaugen og Fyllingsdalen vidaregåande skular som stod for, pluss «Fylkehuskoret». HMT-sjef Ruth Brudvik stod for stødig leiing av arrangementet.

Med seg i førebuinga av arbeidsmiljødagen har Brudvik hatt desse: Anne Høgestøl (Tannhelseavdelinga), Berit Roksvåg (Opplæringsavdelinga) fylkeshovudverneombod Jorunn Bakke Johannessen og hovudtillitsvald Sjur Veim i Utdanningsforbundet. I tillegg arbeidsgruppa godt assistert av Elisabeth Jebsen Marek ved HMT-seksjonen.

Meir frå arbeidsmiljødagen

Arbeidsmiljøpris til tannhelsetenesta

Pris til to eldsjeler i fylkeskommunen

Stanley Hauge 19.04.2010 13:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart