29,7 mill. kr til regionalt forskingsfond på Vestlandet

29,7 mill. kr av midlane til regionale forskingsfond i 2010 er tildelt Region Vestlandet, lokalisert i Hordaland, og som omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I alt har Kunnskapsdepartementet fordelt 212,4 mill. kr til regionale forskingsfond

Kunnskapsdepartementet har også fastsett lokalisering av fonda. Hordaland fylkeskommune skal vera vertsfylkeskommune for Region Vestlandet.

Nyskapande


– Desse midlane markerer startskotet for mykje nyskapande forsking og innovasjon over heile Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Styrkja regional forsking og innovasjon


Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkja regional forsking og innovasjon. Fonda skal bidra til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og såleis medverka til auka kvalitet i forskinga, heiter det i pressemelding frå departementet.

– Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland.

Utlysinga klar


Dei regional forskingsmidlane for Vestlandet er  alt lyste ut, med søknadsfrist 2. juli.

Utlysing Vestlandet

Samarbeidsprosjekt

I 2010 skal 27 millionar kroner  av den samla løyvinga på 212,4 millionar kroner mellom anna  nyttast til samarbeidsprosjekt og til eventuell utlysning av regionale problemstillingar i nasjonale forskingsprosjekt. Desse midlane vert fordelte gjennom Forskingsrådet. 

Lenkjer


Pressemelding frå Kunnskapsdepartementet

Regional forskingsstrategi Vestlandet

Stanley Hauge 23.04.2010 07:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart