Bratland meiner tiltakspakka som regjeringa la fram onsdag 28. april langt på veg er i tråd med dei innspela dei fire fylkesordførarane la fram på møte med statsråd Trond Giske 5. februar i år.
Sikra kompetanse
«Det er avgjerande viktig at ein får sikra den kompetansen som er bygt opp langs kysten vår. I motsett fall vert vi ikkje i stand til å konkurrere om nye oppdrag når situasjonen etter kvart vil normalisere seg,» presiserer Bratland.
Vestlandsrådet saman med Nærings- og handelsminister Trond Giske. Frå venstre: Fylkesordførar Nils R. Sandal – Sogn og Fjordane, fylkesordførar Olav Bratland – Møre og Romsdal, statsråd Trond Giske, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – Hordaland, og fylkesordførar Tom Tvedt – Rogaland.
Maritim miljøsatsing
Bratland er glad for at regjeringa har lytta til næringa og vore lydhøyre til alle dei innspela dei har fått. På møte med statsråd Giske la dei fire fylkesordførarane fram eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing for verftsindustrien. Dette programmet har som mål både å avhjelpe situasjonen for vefta på kort sikt, og peike på nye innovative tiltak på lengre sikt. Bratland kunne nok likevel tenkt seg ein litt meir tydleg miljøprofil på tiltakspakken frå regjeringa. ”I samsvar med EUs strategi for maritim politikk, vil nemleg samspelet om maritim miljøsatsing vere ein føresetnad i framtida. I tillegg har Noreg har ein unik sjanse og ei forplikting til å ta ei førande rolle i å omforme global sjøtransport til å bli optimalt miljøvenleg”, seier han vidare.
Omstilling
Bratland presiserer elles at vi på lengre sikte i større grad må omstille oss frå dagens maritime politikk til morgondagens nye marknadar og teknologiutvikling knytt til fornybar havbasert energi, klimavenlege skip og energieffektiv teknologi. Dette er naturleg nok ikkje del av den kortsiktige tiltakspakka frå regjeringa, men vil vere noko Vestlandsrådet vil arbeide vidare med overfor nasjonale styresmakter.
Viktig for Vestlandet
Men i denne omgang er leiaren i Vestlandsrådet glad for at vi no får ein tiltakspakke frå regjeringa. Og den er utan tvil særleg viktig for Vestlandskysten. Bratland peiker på at mange av lokalssamfunna langs kysten nettopp er basert på maritim sektor og offshorenæringa og viser til at enkelte kystkommunar har ei sysselsetting på over 50% knytt til denne næringa. Derfor er dette ei tiltakspakke som er særs viktig.
Kontaktperson:
Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Olav Bratland, tlf 913 85 776
Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, tlf. 915 22 733
Sekretariatsleiar, Trond Ueland, tlf 91 33 74 10