Visningssenter for akvakultur

Fylkesordføraren opna onsdag visningssenter for akvakultur ved Kystmuseet i Øygarden

Ta i bruk kystenFylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Blom Fiskeoppdrett AS, Kystmuseet i Øygarden, Øygarden kommune og Hordaland fylkeskommune m.fl. har bidratt til å etablere eit visningsanlegg for akvakultur i Øygarden. Hordaland fylkeskommune har i lengre tid arbeidd med å ta i bruk kysten som ein viktig ressurs både innan reiselivsnæringa, marin satsing, og i kulturformidling. Vidare har havbruksnæringa sjølv behov for formidling av næringa, og for kunne syne fram drifta av eit moderne matfiskanlegg som er ope for publikum. Visningsanlegget i Oen tilbyr omvisning, formidling og opplevingar ute på sjøanlegget.

Familieverksemd
Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd og har visjonar om langsiktig eigarskap og lokalt engasjement. Dei ønskjer å skape verdiar for lokalsamfunnet og i regionen for å sikre arbeidsplassar og byggje gode alliansar med reiselivsaktørar, produsentar av mat, og andre næringsaktørar. Frå opninga

Formidling
Kystmuseet i Øygarden har høg kompetanse på formidling, og vil kvalitetssikre formidlinga av
oppdrettshistoria og bidra til å utvikle gode opplevingsprodukt for visningsanlegget. Kystmuseet
i Øygarden har og visjonar om å utvikle gode produkt i lokalsamfunnet, og stegvis utvikle tilboda på landlokaliteten.
Sjødelen av visningsanlegget

Kystmuseet
Kystmuseet i Øygarden har i dag om lag 7.000 turistar som kvart år besøkjer museet. Visningsanlegget tek sikte på å ha høg kvalitet på produktet, og vil leggje opp til ei stegvis oppbygging av tilbodet. Dette for å kunne ta positivt imot publikum, og tilby ei god formidling av historie og kunnskap om næringa, og samstundes utvikle attraktive tilbod. Sjødelen av visningsanlegget er knytt til Blom Fiskeoppdrett AS sin lokalitet i Ovågen. Det er lagt nede eit omfattande arbeid for ferdigstilling både av utstilling og sjøanlegg.

For skulane
Øygarden Visningssenter skal vidare tilby gode pedagogiske tilbod for skulane, og styrkja den lokale og regionale identiteten og matkulturen. Dette vil på sikt medverka til rekruttering til næringa.

Inge Døskeland 17.09.2009 09:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart