Opnar tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule

Fredag 25. september har Hordaland fylkeskommune offisiell opning av det store tilbygget ved Knarvik vidaregåande skule. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg står for opninga. Skulen har ope hus fredag ettermiddag og midt på dagen laurdag.

Program for opninga og kort informasjon om nybygget (pdf-fil)

Tilbygget ved Knarvik vidaregåande skule, til venstre den eldste bygningsdelen på Juvikstølen. Tilbygget ved Knarvik vidaregåande skule, til venstre den eldste bygningsdelen på Juvikstølen.

Tilbygget
Knarvik vidaregåande skule har avdelingane Juvikstølen (tidlegare Lindås gymnas) og Kvernhusmyrane (tidlegare Nordhordland vidaregåande skule).

Det nye tilbygget på 4000 kvadratmeter er reist ved avdelinga på Juvikstølen. I tillegg kjem ombygde areal i eksisterande bygg ved begge avdelingane.

Sentralt i nybygget er Knarren – den tidlegare gymsalen – med auditoriedel ”Bakskuten” med plass til 160 personar i tillegg til fleirbruksrommet ”Framskuten”. Nybygget elles består av undervisningsrom, med verkstader og teorirom for TIP (Teknikk og industriell produksjon) i 1. etasje og for DH (design og handverk) i 2. og 3. etasje, i tillegg til administrasjonsfløy i 3. etasje.

Byggjekostnaden er 138 mill. kr.

Ope hus
I etterkant av den offisielle opninga vert det ope hus for interesserte fredag og laurdag. Omvisning med orientering vert halde til desse tidspunkta:

Fredag 25. september kl. 16, 17 og 18.
Laurdag 26. september kl. 11, 12 og 13.

Bruk hovudinngangen frå nord (innkjøring frå «Gymnaskrysset»).

Om Knarvik vidaregåande skule
Med meir enn 1000 elevar og 170 tilsette er Knarvik vgs. ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen er realkompetansesenter for Nordhordland og driv ei omfattande kursverksemd. Knarvik vidaregåande skule har ansvaret for fylkeskommunen sin internasjonale klasse i Cardiff i Wales.
 
Lenkjer
Bilete frå nybygget

Meir om Knarvik vidaregåande skule

Stanley Hauge 24.09.2009 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart