
Rektor ved Høyskolen i Oslo, Sissel Østberg, er leiar av Østbergutvalet og spesialrådgjevar for minoritetssspråklege, Petter de Presno Borthen, i Hordaland fylkeskommune er medlem. Utvalet skal sjå på opplæringa til minoritetsspråklege i samanheng, frå barn i førskulealder til vaksne. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Oppnemnt av Kongen
Østbergutvalet vart oppnemnt av Kongen i statsråd fredag 24. november 2008. Mandatet er å betre utdanningstilbodet til minoritetsspråklege.
– Dette er første gongen det er sett ned eit utval som skal vurdere heile utdanningsløpet. Det er viktig for oss å sjå korleis overgangane mellom barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgare utdanning, vaksenopplæring og arbeidslivet fungerer, opplyser Østberg.
På vitjing i skular og barnehagar
Utvalet er samansett av 15 medlemmer, og spesialrådgjevar for minoritetsspråklege i den vidaregåande skulen i Hordaland, Petter de Presno Borthen, er oppnemnd som medlem.
Første dag, måndag 7. september, fekk utvalet orientering om arbeidet til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Dag to skal utvalet ha internt møte og tredje dag reiser utvalet på vitjing til skular og barnehagar i Hordaland.
Samla i Bergen
– Vi har delt utvalet opp og reist til dei store byane i landet, pluss nokre mindre stader. Nå er heile utvalet samla her i Bergen. Vi skal mellom annan innom dei vidaregåande skulane Årstad, Sotra og katedralskolen, i tillegg til barnehagar og barneskular, seier Østberg.
Skoen trykkjer
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld møtte utvalet i Fylkeshuset. Han peika på at kompetansen til lærarane og skoleleiinga er viktig for å få til god integrasjon av minoritetsspråklege elevar i skulen.
– Vi har ganske mykje kunnskap om kvar skoen trykkjer. Minoritetsspråklege elevar har dårlegare læring. Det trur eg kjem av dårlege språkkunnskapar. Eg vil oppmode om å ta språkkompetansen alvorleg med tilhøyrande kulturell forståing. Dei må skjønne dei kulturelle kodane. Vi kan ikkje gå med harelabb over dette lenger, understreka Fjeld.
Skulevinnarar
Men biletet er mykje meir nyansert enn dette.
– Nokre av dei beste elevane på Bergen katedralskole er minoritetsspråklege og jenter. Kva gjer at nokre minoritetsspråklege blir skulevinnarar? Kva er kriteria for det? Kva er kodane for dei som får suksess? undra opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.
Åtte millionar mot fråfall
Hordaland fylkeskommune brukar årleg åtte millionar kroner på å hindre fråfall i den vidaregåande skulen. Marianne Haaland fortalte at pengane mellom anna går til startsamtale for minoritetsspråklege, informasjonsmøte for føresette, kompetanseheving av norsklærarar og etterutdanning av rådgjevarar.
Tiltaksplan
Petter Borthen starta prosjektet ”Fleire fleirspråklege fullfører” for snart fire år sidan og har laga tiltaksplan for Hordaland fylkeskommune. Tre tiltak skisserte han som viktige overfor utvalet.
– Vi har eigne informasjonsmøte for minoritetsspråklege elevar i ungdomsskulen og deira foreldre/føresette med tolk for å betre overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule, vi gjennomfører sommarskule og leksehjelp i samarbeid med Røde Kors, og vi har fadderordning i den vidaregåande skulen i samarbeid med Elevorganisasjonen, sa Borthen.
80 ulike språk
Dette skuleåret er om lag 1000 av 17.500 elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland minoritetsspråklege, fordelt på 80 ulike språk.
Delrapport til jul
Østbergutvalet skal leggje fram delrapport om barnehage og grunnskulen, inkludert overgangen til vidaregåande skule, til jul. Denne vil bli sendt på høyring og bli ein del av den endelege rapporten som skal vere klar i juni 2010.
Meir informasjon:
Oppnemninga av Østbergutvalet
Mandatet til Østbergutvalet (pdf)
Hordaland fylkeskommunes satsing på minoritetsspråklege
Kompetanse i tverrkulturell forståing - Hordalandsmodellen